
Betre peil med plan: Alle vil ha gode avlingar, men mange kan ha nytte av ein betre plan for korleis dei når det målet. Foto: Istock / Muralinath
PODCAST:
Godt, nytt gjødselår!
Uansett korleis det nye avlingsåret måtte bli, gjer du lurt i å starta det med ein god gjødselplan.
Gjødsel – og korleis bruka gullet – blir ikkje mindre viktig framover. Ny gjødselforskrift kjem truleg i februar, med verknad frå 2027. Den kjem til å krevja at du som bonde har ennå betre oversikt over både tilførte næringsstoff og avlingsresultat. Det er berre å førebu seg, og årets første episode av Bondevennens podcast er ein god plass å starta: Her går me grundig til verks om alle ting gjødselplan!
Ein slik plan er viktig for å avgjera mengda og typen gjødsel som skal brukast til kva tid på dei ulike areala/ produksjonane dine. Målet for ein gjødselplan er å sikra optimal avling, god utnytting av næringsstoffa, samt å hindra avrenning av dei til vatn og tap til luft. Men ein del bønder opplever at planen dei har fått frå rådgjevaren berre ikkje stemmer med landskapet dei skal brukast på. Somme vil gjødsla hardare enn planen tilseier, andre svakare. Korleis går du fram for å sikra deg den beste planen – og dei beste resultata?
Bonderådet vårt, altså Ingvild Steinnes Luteberget, Jenny Kleppe og Bjørn Lende er på rundballen. Gjestane deira i denne episoden er NLR-rådgjevar Bård Oliver Gjellestad, og bonde og lærar på Vinterlandbruksskulen på Jæren, Jan-Arild Anda. Dei deler av kunnskapen og dei praktiske erfaringane sine om alt frå jordprøvar, avlingsregistrering og ulike næringsstoff til korleis du best brukar rådgjevaren din.
Høyr meir i podcasten Bondevennen.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.