I fjor kunne ikkje forhandlarane demonstrera maskinane, grunna blaute jorder. I år var saken ein heilt annan.

Jane Brit Sande

På garden til Einar Glette, Sundfør i Tysvær kommune, Rogaland, møtte hundrevis av skodelystne og maskininteresserte opp.

– Då me starta planlegginga av denne dagen i april, kunne me ikkje vita om dette flotte slåttevêret, sa Geir Apeland, leiar av Bokn og Tysvær produsentlag, då han ønskte velkommen.

Som tidlegare år, samla arrangementet opp ei solid forsamling. Då grasdemoen vart arrangert på Slåttevik i fjor, måtte maskinane halde seg i ro, grunne blaute jorde. I år fekk dei vise muskler, til glede og beigeistring for dei frammøtte.

Stikkord denne saka: