Gode dyrlegar: Sigmund Skregelid t.v. og Birger Røyland saman med bonde og vert for kvelden, Tanja Tunheim Hamre. Foto: Nils Ørjan Hamre

– Siste vakta di må bli hjå oss, sa Tanja Tunheim Hamre og Svein Arne Hamre til dyrlegen sin, Odd Sigmund Skregelid.

Sjur Håland

Slik vart det. Men dyrlegen visste ikkje at han på siste oppdraget i sommar ville bli møtt på garden Sætra i Lund med raud løpar, hagefest og kring 80 bønder som ville takka den trugne tenaren for ypparleg service gjennom ei årrekkje.

– Folk reiste seg frå hagestolane og gav dyrlegen ståande applaus. Så fortent som det kunne bli, seier Svein Arne.

Tanja og Svein Arne hadde gode krefter i ryggen då koronaviruset sette ein stoppar for planane om ein meir formell innandørsfest for å heidra dyrlegen. Sau og Geit og bondelaga i Sokndal og Lund ville svært gjerne støtta opp om arrangementet heime hjå Tanja og Svein Arne. Det same ville Nortura og Stian Espedal. Vêrgudane var også med.

Hagebenk

I tunet venta ein flunkande ny hagebenk til dyrlegen med utskorne dyr og ein tekst kor det stod: Dyrlegen okka. Dyrlege Sigmund Skregelid bikka 75 år i sommar og måtte grunna alder takka for seg etter 49 års teneste. Han kom frå arbeid i Førde via Helleland før han enda opp på Moi i 1978. Tanja fortel at ho har kjent dyrlegen frå ho var lita.

– Sigmund har alltid vore her. Han har kome når me har ringt etter han. Det har hendt eg har teke til tårene når det har sett håplaust ut for ein kalv. Då har han trøysta meg og samstundes behandla kalven.

Hatt gode dyrlegar

Også 73-åringen Birger Røyland, ein annan dyrlege frå Helleland, vart heidra på hagefesten. Røyland går nå ut av vaktordninga i Dalane, men vil framleis vera i teneste blant bøndene ei tid til. Dei to bøndene seier dei har vore heldige og hatt gode dyrlegar opp gjennom åra i Lund og Sokndal. Det betyr allverda, understrekar dei.

Dyrlegen okka: Kanskje Sigmund Skregelid får betre tid til å sitja nedpå i tida som kjem. Hagebenken han fekk av bøndene kan i tilfelle nyttast til føremålet. Foto: Nils Ørjan Hamre

– Tilgjengelege dyrlegar som verkeleg bryr seg om både folk og dyr gjer oss trygge i kvardagen, seier Tanja.

Fortener ros

Skregelid fortalde frå siste arbeidsveka der han måtte retta opp ein børslyng. Han måtte også ut or tv-stolen under VM i fotball og reisa ut for å behandla ei nykalva ku med tvillingar, som låg på heia med mjølkefeber og børen ute. Kua vart berga og dyrlegen fekk ei kjensle av å ha avslutta karrieren på ein god måte.

– Han fortener ros. Eg får seia det som det er; eg er grævla glad i han, seier Tanja, til Bondevennen.