Lys i bygdemørket: Noah og Elias Kyllingstad sit lunt og lyst i Brøyt-førarhuset medan dei ventar på skulebussen. Båe foto: Benedicte Kyllingstad
Horpestad skin vidare
Då Klepp kommune la ned nærskulen til gutane, laga foreldra eit busskur for den nye, lange skulevegen som ropar «Bygda lever!».
Bothild Å. Nordsletten
Etter at Klepp kommune mot sterke _lokale protestar la ned Horpestad skule kan ikkje foreldra lenger følgja ungane sine til skulen. Elevane i bygda må bussast til ein skule nærmare kommunesenteret. Sidan bussen ikkje alltid er på tida, og sidan jær-vêret ofte kjem sidevegs, har fleire foreldre langs ruta måtta laga eigne busskur til barna sine.
Bøndene Benedicte og Magnus Kyllingstad er blant dei som i så måte har vore kreative. Opp frå Lyngdal har dei henta eit førarhus som før sat på ein Brøyt-gravemaskin. Inn i førarhuset har dei ført lys og varme, snikra sitjebenk og breidd ut saueskinnspels. Slik får brørne Noah (8) og Elias (6) ein lun start på den lange skulevegen.
Under adventstida er førarhushaldeplassen også pynta med lys.
– Me må visa at me er her. Me vil halda liv i bygda, seier Benedicte Kyllingstad.
– Gutane dykkar går i 3. og 6. klasse. Kor lenge får dei plass i førarhuset?
– Det held iallfall til ungdomsskulen!

