Klår tale: Ståle Hustoft er skuffa og sint på Rødt og SV, og på dei som har påverka dei til å trossa eigen politikk og sikra fleirtal for å utsetja/avlysa utfasinga av konkurransefremjande tiltak.

Klår tale: Ståle Hustoft er skuffa og sint på Rødt og SV, og på dei som har påverka dei til å trossa eigen politikk og sikra fleirtal for å utsetja/avlysa utfasinga av konkurransefremjande tiltak. Foto: Rogaland Bondelag

ytring:

Inntektskamp med redusert verktøykasse

25. juni 2024 | Aktuelt

Nokre svært få har nå gitt vekk ein siger me har jobba for mykje lenger enn talgrunnlaget.

 Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag

Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.

1. juli skulle eigentleg distribusjonstilskotet, ein del av dei konkurransefremjande tiltaka i prisutjamningsordninga for mjølk (PU), tas ut av ordninga. Dette ville frigjort omlag 50 millionar årleg i PU. Denne utfasinga vart stoppa av eit «laust forslag» frå FrP, med støtte frå H, V, SV og Raudt, under behandlinga av jordbruksoppgjeret før helga.

Det finst ingen grunnar for at talgrunnlag og prisutjamningsordninga er to motsetninger – at ein må ofra den eine for å oppnå den andre.

PU og talgrunnlag er to sider av same sak; kampen for å gje bønder inntekt og velferd på nivå med andre.

 

«PU og talgrunnlag er to sider av same sak; kampen for å gje bønder inntekt og velferd på nivå med andre.»

Ståle Hustoft

Prisutjamningsordninga for mjølk er det viktigaste verkemiddelet me har for å sikra konkurransekrafta til norsk mjølk, sikra lik pris og eit landbruk over heile landet. Ordninga består av:

– utjevning mellom mjølke- og biproduktanvendelser

– geografiutjevning

– konkurransefremjande tiltak

Totalt utgjer dei konkurransefremjande tiltaka i PU omlag 200 millionar årleg, som burde vorte fjerna eller finansiert utanfor PU-ordninga.

Debatten dei siste dagane har gått på at 50 millionar er altfor lite til å redda norsk landbruk, så det gjer ingenting at utfasinga vert utsett eller avlyst. Det er heilt feil!

Finansieringa av PU-ordninga er under press fordi forbruket dreier frå drikkemjølk til bearbeida meieriprodukt. I tillegg vert meir av mjølka seld gjennom andre aktørar enn TINE, noko som også reduserer inntektssida i PU.

Brukt rett kan dei 50 millionane styrka prisnedskrivinga på importutsette produkt, halda oppe norsk mjølkevolum, sikra inntransportordninga – og dermed også sikra eit landbruk i heile landet. Då er plutselig ikkje 50 millionar så uvesentlig likevel!

«Eg er skuffa og sint på Rødt og SV.»

Ståle Hustoft

Kvifor dei konkurransefremjande tiltaka bør reduserast, og den resterande delen finansierast utanfor PU, er godt oppsummert i Landbruksdirektoratet si utgreiinga av dei konkuransefremjande tiltaka i 2022:

«Prisutjevningsordningen har historisk vært et virkemiddel for å sørge for lik melkepris til melkebøndene. Samtidig representerer PU et kraftig konkurransepolitisk virkemiddel. Gitt dagens avgiftsnivå vil en, ved å finansiere innfrakt og de konkurransefremmende tiltakene utenfor ordningen, frigjøre betydelige midler som kan benyttes til å styrke konkurransekraften til norsk melk. Slik kan en sikre eller øke norsk melkeproduksjon.»

Å «styrka konkurransekrafta til norsk mjølk» og på den måten «sikra eller auka norsk mjølkeproduksjon» bør vera ein god grunn til å kjempa for utfasing av desse konkurransefremjande tiltaka.

Det handlar ikkje om frustrasjon for at talgrunnlaget skal behandlast på ny, men at nokre svært få har gitt vekk ein siger me har jobba for mykje lenger enn talgrunnlaget.

Dette er rein hestehandel.

Eller, eigentleg er det kampfiksing – nokon har scora sjølvmål for å oppnå eigen vinning.

Så ja, om det skulle vera nokon tvil; eg er skuffa og sint på Rødt og SV, og på dei som har påverka dei til å trossa eigen politikk og sikra fleirtal for å utsetja/avlysa utfasinga av konkurransefremjande tiltak.

Lenke til omtalt utgreiing hjå Landbruksdirektoratet.