Foto: istock / Karel Stipek

Foto: istock / Karel Stipek

Klimanøytral angus

12. mai 2025 | Aktuelt

Norsk Angus har som ambisjon å levere klimanøytralt kjøt innan 2030.

Liv Kristin Sola

Norsk Angus lanserte nyleg prosjekt ”Mer enn kjøtt”. Ambisjonen er å løyse koden for å produsere klimanøytralt kjøt innan 2030. Norsk Angus meiner dei skal klare å dokumenter auka kvalitet i produktet og auka gevinst til bonden.

Klimanøytralt kjøt

Bruk av utmarksbeite er avgjerande om det skal vere mogleg å nå målet om å produsere klimanøytralt anguskjøt.

Ifølgje Yngve Rekdal, seniorrådgivar hjå NIBIO, kan kjøtfe henta opptil 40 prosent av årsfôret i utmarka, skriv Statsforvaltaren i Rogaland på nett, i si omtale av saka.

Fôr frå utmarka er sunt, økologisk og kortreist, og gir kjøtet ein eksklusiv kvalitet, er påstanden. «Mer enn kjøtt» viser òg til at beiting er god dyrevelferd, gir opne kulturlandskap og sikrar biologisk mangfald.

Vil betale

Målet med prosjektet er blant anna å produsere kjøt med betre spisekvalitet og samstundes klare å nytte dyret betre ved slakt.

Initiativtakarane meiner forbrukaren vil betale for kvalitet, gitt at produsenten og industrien til ei kvar tid klarer å sikre jamn og stabil kvalitet.

Forsøksgarden Angusgården i Egersund er ein del av prosjektet i lag med fire storfebønder med angus.

Kjelde: Statsforvaltaren i Rogaland