30 barn og 10 kalvar trente kvarandre på Ravndal i Gjesdal. Kristin Søyland var instruktør. Ho hadde fleire gode tips til dei frammøtte.
Liv Kristin Sola
14. august arrangerer Tine Gjesdal produsentlag vandreutstilling for kalv i Gjesdal. Dommarane reiser rundt på gardane og vurderer mønstrarane. Det vert presentasjon av deltakarane og premieutdeling på Bygdahuset om kvelden.
Trening og førebuing:
- Vel ein gild kalv. Kalven bør ikkje vera for ung når den skal stillast til mønstring. Unge kalvar er mindre uthaldande.
- Det tek minst tre veker å trene ein kalv.
- Finn ei grime som passar så du ikkje står att med grima og leietauet, medan kalven stikk av.
- Lei kalven med venstre hand. Hald i grima på høgre sida av hovudet. Gå baklengs og få kalven til å følgje etter deg.
- Prøv å lære kalven å gå bakover.
- Vask kalven med lunka såpevatn dagen før mønstringa. Husk å tørke kalven godt så den ikkje blir kald.
- Har kalven lang pels, kan det vera lurt og klippe den rundt ei veke før mønstring.
- Lær deg nummer og namn på faren og mora til kalven, og når den er født.
Mønstringsdagen:
- La kalven kvile mønstringsdagen, elles risikerer du at den vert lei før visninga startar.
- Følg med på dommaren. Han gjer teikn når de skal stoppa og starta igjen.
- Når de stopper skal kalven stillast i open posisjon. Beina som peiker mot dommaren skal stå lengst frå kvarandre. Dommaren skal sjå alle fire beina.
- Aldri slå eller spenn kalven. Ikkje hal og dra i grima om kalven ikkje gjer som du vil. Ver tålmodig og prøv å lokke kalven i posisjon.
- Ver god hjelpar i ringen. Sku litt på kalven framføre deg, om den ikkje vil gå.
- Dersom kalven din vil noko anna enn du og er vanskeleg å handtera, ikkje bli sint og lei deg. Gje kalven ein liten pause, sjå på dommaren og SMIL. Då ordnar mykje seg.
- Sjå alltid på dommaren!
Sjå bildegalleri frå mønstringstreninga:
-
Topp konsentrasjon blant barna når Kristin viser og forklarer korleis ein førebur og mønstrar kalv.
-
Godt samarbeid om pussing nå kalven skal gjerast klar til mønstring.
-
Åvar (f.v.) har eit godt tak om leietauet, medan Sigurd kostar og Ådne er klar med skrapa.
-
Tålmodighet og god kontakt med kalven er viktig for at den skal vera trygg og lærevillig.
-
Ein må ha tunga beint i munnen og full fokus når ein skal trena kalv.
-
Jentene frå indre Gjesdal har stilt opp kalven heilt etter instruksjonen. Beina mot dommaren skal stå lengst frå kvarandre.
-
Av og til er det bare sånn at kalven tar over kommandoen, men Sondre let seg ikkje overrumpla av det.
-
Kven må gje seg først, Sigurd eller kalven?
-
Full konsentrasjon når dommaren viser snakkar og gir signal.
-
Fin oppstilling av dei jentene og kalvane som haldt ut lengst.