Kva er rett retning?: Marit Epletveit (t.v.) og Irene Holta Tjøstheim frå Rogaland Bondelag, ber medlemmane kome med innspel til kva dei ønsker Bondelaget skal prioritere innanfor næringspolitikk dei neste fire åra.

Bondelaget skal meisle ut retninga for næringspolitikken fram mot 2024. Rogaland Bondelag ber medlemmane om innspel.

Liv Kristin Sola

Norges Bondelag har laga eit utkast til revidert næringspolitisk program for perioden 2020 til 2024. No ber Marit Epletveit og Irene Holta Tjøstheim, omsynsvis leiar og organisasjonssjef Rogaland Bondelag, om innspel frå sine medlemmar.

– Prosessen i år skal bli betre enn den var for fire år sidan. Den gong vart det for lite tid til innspel og diskusjon. No ønsker me eit breitt engasjement frå medlemmane, seier Epletveit.

Høyringsutkastet er send til alle lokale bondelag i fylket. Epletveit og Tjøstheim håpar lokallaga vil samlast og diskutere kva Norges Bondelag skal meine om næringspolitikk i komande periode. Utkastet har fire kapittel som omhandlar klima, marknad og verdiskaping, arealbruk, og landbrukets samfunnsoppdrag. Næringspolitisk program ligg til grunn for alle resolusjonar og vedtak som blir fatta dei neste fire åra.

Rogaland ikkje representert

Rogaland har ingen representantar i programutvalet. Desto viktigare er det at bønder i heile fylket kjem med sine innspel for å løfte fram Rogaland sitt perspektiv når retninga skal meislast ut, meiner Tjøstheim.

– Det er kort veg frå grasrota til toppen i Norges Bondelag. Difor er det viktig at bøndene engasjerer seg, seier ho.

Dei to vil gjerne ha innspel om retninga som er føreslått, og kommentarar dersom det manglar noko i programmet som bør vere med.

– Kven skal ta rekninga for arkeologiske utgravingar, spør Epletveit.

– Eller kven skal ta kostnaden med auka krav til dyrevelferd, supplerer Tjøstheim.

Slike saker vil dei gjerne ha innspel på. Dei nemner også arealkonfliktar og grunneigar sine rettar når storsamfunnet krev sitt.

– I eit fylke med mykje aktivitet og store vegprosjekt er det viktig at grunneigar sine rettar vert teke i vare på ein skikkeleg måte, seier Epletveit.

Ønsker forankring hjå medlemmane

– Ingenting er bestemt. Høyringsutkastet skal diskuterast på årsmøtet til Rogaland Bondelag 13. og 14. mars, seier Epletveit.

Fylkesleiaren vil gjerne ha innspel i god tid før årsmøtet slik at forslag til endringar eller tillegg kan diskuterast og få brei forankring i organisasjonen før Rogaland sender si høyringsuttale til Norges Bondelag.

Næringspolitisk program skal endeleg vedtakast på Norges Bondelag sitt årsmøte 10. og 11. juni.

Link til utkastet finner du på denne nettsida:  https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/nytt-politisk-program-pa-horing