Landbruksfagleg person med skrivelyst og formidlingsevne

12. januar 2026 | Aktuelt

Ønskjer du å setta namnet ditt på landbruksjournalistikken i Norge?

Er du klar for å kvessa pennen og skriva om alt frå jord – via fjøset – til bord? Bondevennen søkjer ein landbruksfagleg person med god formidlingsevne. Vi vil gjerne høyra frå deg!

Om oss

Bondevennen har ein liten redaksjon med godt arbeidsmiljø. Hjå oss jobbar du i eit miljø prega av fag, engasjement og samarbeid. Her er stort rom for læring og utvikling.

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson: Bothild Nordsletten Åslaugsdotter
Stillingstittel: Redaktør
Mobil: 99 00 10 12
Epost: bothild@bondevennen.no

Redaksjonsmedarbeidarane våre er ofte ute på reportasjereiser. I tillegg brukar vi ein del heimekontor.

Kulturen i Bondevennen og i landbruksmiljøet som vi skriv om og for er prega av fagterminologi, historie, tradisjon og nettverk. Kjennskap til dette er nyttig i arbeidet.

Kva vil du gjera i Bondevennen?

Som vår journalist vil du:

  • Vera særleg oppteken av husdyr- og planteproduksjon
  • Dekka Bondevennen sitt område fra Agder til Nord-Vestlandet
  • Skriva artiklar, reportasjar, kommentarar og analysar
  • Følgja Ver varsam-plakaten og vera opptatt av god presseskikk
  • Levera stoff til redigering og korrektur i god tid før deadline
  • Halda deg oppdatert innan jordbruksfaglege tema og i samfunnsdebatten
  • Utvikla idear til nye saker og samarbeida med kollegaer for å skapa aktuelt og engasjerande innhald
  • Bidra til anna redaksjonelt arbeid som småsaker og korrekturlesing
  • Disponera eigen bil

Kvifor vil du jobba hjå oss?

  • Konkurransedyktige vilkår: Vi tilbyr gode forsikrings- og pensjonsordningar som gir tryggleik
  • Fleksibilitet og sjølvstende: Du styrer din egen arbeidsdag og har rom for å påverka utforminga av bladet
  • Utvikling: Vi vektlegg fagleg og journalistisk kompetanseutvikling, slik at du som arbeidstakar får utvikla deg i jobben
  • Variasjon: Arbeidet i Bondevennen er mangfaldig og gir deg spanande utfordringar

Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: 25. januar 2026