Nytt: Anja Braut og Sven Martin Ånestad kan nyta bondelivet og sommaren med nytt fjøs.

Anja Braut og Sven Martin Ånestad si våronn starta med innflytting i nytt mjølkefjøs med robot. Nå kan dei følgja ungane på fotballtrening.

Sjur Håland

Det er Ope fjøs på Bore i Klepp. Bøndene er ferdige med førsteslåtten. To dagar før jonsok trugar grå skyer og brå vindroser med regn. Det hindrar ikkje Nortura sine folk i å fyra opp grillane eller mannskapet frå Tine i å bardunera serveringsteltet. Fjøsopning er fest, og bøndene, Anja Braut og Sven Martin Ånestad, smilar breitt og helsar på kollegar som sig inn i tunet.

Hadde mjølkegrav

Utgangspunktet for bøndene på Bore var ein eldre driftsbygning, bygd på i fleire omgangar. Moderne nok, med lausdrift og 2×2 tandem mjølkegrav.

– Men kapasiteten var i ferd med å bli sprengd. Spørsmålet vart etter kvart om me skulle bygga på eller bygga nytt. Svaret ser du her, seier Sven Martin og peikar på den vel 1.000 kvadrateter store bygningen.

I staden for å kompromissa med å finna brukbare løysingar i den gamle driftsbygningen, har dei investert i eit naturleg ventilert fjøs. Her er det rikeleg med plass og god kapasitet, med VMS V300 mjølkeroboten til å mjølka eigd og leigd kvote som for tida utgjer 250.000 liter. Felleskjøpet har levert mjølkerobot og gjødselrobot frå DeLaval, Mafa kraftfôrsilo og rilla spalter frå Anders Beton. Innreiinga kjem også frå Felleskjøpet og er produsert av Orla Hansen og DeLaval.

Hus og hytte: Nyfjøset på drygt 1000 kvadratmeter med kalvehyttene delvis under takutstikket.

Meir kvote

Garden har rikeleg med areal. Tidlegare har dei selt grovfôr. Nå vil dei gjerne produsera meir mjølk, og håpar det let seg gjera, trass i uvissa kring kva som skjer med mjølkekvotane til hausten.

– Me har bygd eit stort fjøs til dagens kvote og har moglegheiter til å veksa, seier han.

– De har valt kalvehytter. Kvifor?

– Hyttene hadde me frå før. Me har tilpassa den nye bygningen slik at me kunne flytta dei over. Kalvane får ein god start dei første to til tre månadane, med lågt smittepress og mykje frisk luft, seier Sven Martin.

– Hyttene er lette å halda reine og er plassert nær kalvekjøkkenet, nå blir det enklare å fôre og stelle kalvane, legg Anja til.

Fire røktarar

Oksekalvane blir flytt inn i den gamle driftsbygningen for full framfôring, medan kvigekalvane får plass i ungdyravdelinga i nyfjøset. Anja arbeider heime. Sven Martin har fullt arbeid utanom garden. Foreldra hans tar oftast morgonstellet.

– Me er heldige og er fire personar om dette, seier Anja.

– Kva gler de dykk mest til?

– Definitivt fleksibiliteten. Me er mindre låste og kan følgja ungane på fritidsaktivitetar på ettermiddagane. Nå har fjøset vore i drift eit par månadar alt. Me merkar stor skilnad. Nå kan me gå i selskap først og ta fjøsstellet etterpå, seier dei to.

I drift: Mjølkeroboten har vore i drift i to månadar. Det er plass til sju dyr i kvar av dei seks ungdyrgardane. Gjødselroboten held det reint på spaltegolvet.

Fôring med avlessarvogna

Fjøset har 55 ku-liggebåsar. Av desse høyrer ti båsar til i velferdsavdelinga, medan gjeldkuavdelinga har åtte liggebåsar. Ungdyravdelinga har seks bingar, kvar med plass til sju dyr. Tårnsiloane skal framleis brukast. Enn så lenge skal grovfôret serverast med hjelp av traktor og ei standard avlessarvogn. Sven Martin røper at framtidsdraumen inneber investering i ei fullfôrvogn.

– Me har fått ein fleksibel og lettstelt arbeidsplass, som er open, oversikteleg og lett å halda rein, summerer han.

Å flytta dyra frå eit lausdriftsfjøs til eit anna, var nærast problemfritt. Overgangen fungerte godt, utan problem med bein og klauver.

– Dei to første vekene var ganske travle, etter det gjekk dyra i roboten utan hjelp, seier Anja.

Innovasjon Norge

Investeringa er stor, men har ikkje gått ut over nattesvevnen til dei to bøndene. Dei to held fram støtta frå Innovasjon Norge som viktig.

– Er det lov å spørja om prisen?

– Me kan jo svare litt rundt med å seia at Innovasjon Norge si støtte på ti prosent utgjorde 650.000 kroner, seier Sven Martin.

Stikkord denne saka: