• Trude lokkar med lokale råvarer og heimelaga mat. Kafeen vart godt motteke frå første opningsdag.



Det er komen nytt liv i kafélokala hjå Galleri Straume. Trude lokkar både den svoltne og den tørste.


Jane Brit Sande


I nærare tre år stod kafélokala i første etasje hjå Galleri Straume utan drift. Lokala er ljose og fine, interiøret er gjennomført og koseleg. Det var ikkje mykje som måtte gjerast før Trude Flatland kunne ta fatt på kafédrifta. Med bakgrunn som kokk, og ei brennande interesse for kakebaking, fekk ho kjapt sving på grytene. Planane og ambisjonane er mange på Kafé Matglede, som ligg på Øyfjell i Vinje kommune.
– Eg håpar dette vil bli ein samlingsplass både for lokale, hyttefolk og gjennomgangsreisande, fortel Trude.

Samarbeider med lokale

Trude skal både selja og servera kjøt frå eigne dyr, og har allereie inngått samarbeid med andre lokalmatprodusentar.
– Eg arbeider med å få i gang ein matkasse som kan vere både ein gåveidé eller noko hyttefolk kjem innom og hentar på veg til hytta, fortel Trude.
– Matkassen vil bestå av forskjellege lokalmatprodukt, som spekepølse og ost, loff og potetsalat, flatbrød, og tyttebærraume. Innhaldet vil nok variere etter sesong.
Matkassar er ikkje det einaste Trude vil lokke kundane med. Ho tilbyr catering-tenestar, og har allereie kundar på listene til både jubileum, dåp og konfirmasjon.
– Eg trur sommaren og vinteren blir dei travlaste tidene her i kafeen. I den fasen eg er no, seier eg ja til alt eg kan få til, seier Trude.
Oppstartinga av kafédrifta gjekk veldig fint for Trude. Ho hadde kommunen på lag, og skryt av god rådgjeving på vegen mot målet. Sambygdingane er ikkje redde for å samarbeide med ho, Kafé Matglede er bygdas einaste «ski in – ski out»-kafé. Trude hadde første opningsdag i vinterferien i år.
– Mottakinga var over all forventning, frå både lokale og hyttefolk. Eg er spent på fortsetjinga, smiler ho.




Denne saka er eit utdrag av einreportasje som tidlegare har vore på trykk. Du kan lese heile teksten om Trude og Jahn-Erik i Bondevennen nr. 17, 22. april.