Seier ifrå: Kommunikasjonen mellom bønder og byråkrati den sentrale jordbrukskommunen Time på Jæren er utfordra. Bondelaget hevdar at gardbrukarar gir opp grunna manglande løysingsorientering i byråkratiet. Kommunen vedgår at dei ikkje alltid lukkast med å formidla kva reglar dei må forholda seg til. Sauestatuane «Dei bortkomne» pryder inngangen til rådhuset på Bryne, som ønskjer å etablera seg som Noregs ‘landbrukshovudstad’.

Seier ifrå: Kommunikasjonen mellom bønder og byråkrati i den sentrale jordbrukskommunen Time på Jæren er utfordra. Bondelaget hevdar at gardbrukarar gir opp grunna manglande løysingsorientering i byråkratiet. Kommunen vedgår at dei ikkje alltid lukkast med å formidla kva reglar dei må forholda seg til.
Sauestatuane «Dei bortkomne» pryder inngangen til rådhuset på Bryne, som ønskjer å etablera seg som Noregs ‘landbrukshovudstad’.

Time Bondelag:

– Me opplever eit landbrukskontor som ikkje har tillit til næringa

19. september 2024 | Aktuelt

Bønder i Time kommune meiner landbrukskontoret er så stivbeint at det går på motivasjonen laus. Kommunen seier dei tar kritikken på alvor og skal betra kommunikasjonen med bøndene.

Bothild Å. Nordsletten

– Landbruket i Time har ikkje tillit til korkje landbrukssjefen eller landbrukskontoret. Forvaltinga her er mykje strengare her enn i andre kommunar. Konsekvensen er negativ for utviklinga av jordbruket i Time.

Erik Mikal Tjåland, leier i Time Bondelag, tar bladet frå munnen etter det han hevdar er minst éin telefon kvar månad frå frustrerte bønder. Kritikken rettar seg særleg mot avdelingsleiar landbruk i kommunen, Torfinn Nærland.

«Forvaltinga her er mykje strengare her enn i andre kommunar.»

Erik Mikal Tjåland, leiar i Time Bondelag

Eirik Mikal Tjåland

Erik Mikal Tjåland
Foto: Liv Kristin Sola

Direkte tale kjem også frå Tjåland sin forgjengar i leiarvervet, Tarald Magne Oma.

– Dette er vanskeleg og vondt, seier han.

– Me er ikkje ute etter å ta nokon, men me har trøbbel med tillit båe vegar. Og Bondelaget er under press for å gjera noko.

Oma er til orientering også er folkevald for Sp i same kommune.

Raskt knute på tråden

Bøndene som kontaktar Bondelaget klagar over det dei meiner er landbrukskontorets regelrytteri, arroganse, forskjellsbehandling og innblanding i sakar byråkratane ikkje har noko med, som leigeforhold og mindre detaljar i byggeplanar.

Misnøya skal ha byrja ikkje lenge etter at nåverande landbrukssjef tok til i rolla i juni 2022, og skal ha auka på sidan.

– Klinsjen mellom bøndene og Nærland starta alt under vårt første årlege kontaktmøte med kommunen, då landbrukssjefen var nytilsett, seier Oma.

– Nærland spurte om me i Bondelaget kunne melda ifrå når kollegaene våre gjorde noko gale, som å sprøyta eller gjødsla feil, eller å ikkje beita dyra. Dette nekta me. Nærland godtok det, men det var då dette starta.

Tjåland er opptatt av at landbrukskontoret skal jobba for å oppretthalda og utvikla jordbruket i kommunen.

– Me har bestilling frå høgare hald om å auka matproduksjonen. Byråkratiet si rolle er å forvalta fellesskapet sine ressursar på best mogleg måte. Mange saker krev samstundes tolking og skjønn, og då føler me at landbrukssjefen tolkar på strengast moglege måte.

«Det er nok snakk om eit lite kulturkræsj mellom handlekraftige jærbuar og ein byråkrat.»

Tarald Magne Oma, tidlegare leiar i Time Bondelag

Byråkrati vs bønder

Bondelagsleiar Tjåland meiner forvalting i Time verkar meir rigid enn i andre kommunar.

– Dei fleste vil jo berre utvikla garden og gjera den meir lettdrive og betre enn før, til dømes ved å bygga nytt fjøs. Men når mange kjenner at dei blir motarbeidd av eige landbrukskontor, byrjar dei stille spørsmål.

– Men ein landbrukssjef og hans kontor har jo ansvar for å forvalta regelverket. På den andre sida er jærbonden kjent for å vera handlekraftig, sjølvstendig og ikkje utan ein viss skepsis til byråkratar. I kva grad spelar den spaninga inn her?

– Jau, det spelar nok inn. Men det er ikkje bønder som vil ta snarvegar som ringer til meg. Det er dei som vil senda søknadar og forholda seg til reglane.

– Det er nok snakk om eit lite kulturkræsj mellom handlekraftige jærbuar og ein byråkrat, legg Oma til.

– Men mange oppfattar likevel Nærland som arrogant. Av og til er eit avslag ok. Byråkratane har jo reglar å følgja, og det er bra.

Samstundes vil me ha folk som ønskjer å diskutera seg fram til ei løysing.

Oma meiner mykje av utfordringa handlar om kommunikasjon.

– Ein bodskap er ikkje levert før mottakaren har forstått den. Bønder er ei mangfaldig gruppe. Blant oss finst både professorar og dei som knapt kan lesa. Dette må dei som kommuniserer med oss ta omsyn til.

«Eg veit iallfall om éin gardbrukar
som avviklar.»

Erik Mikal Tjåland, leiar i Time Bondelag

Unngår kontakt

Ifølgje Bondelaget er det mange av kommunens drygt 200 bønder som ikkje lengre ønskjer å forholda seg til eige landbrukskontor. På fleire gardar skal heller ikkje landbrukssjefen vera velkomen. Bondelaget hadde nyleg eit møte med kommunen om saka.

– Me fekk sagt det me ville seia, men det verkar ikkje som om kommunen tar alvoret inn over seg, seier Tjåland.

Konsekvensane av stoda er alvorlege, meiner han.

– Eg veit iallfall om éin gardbrukar som avviklar, seier han.

– Me opplever eit landbrukskontor som ikkje har tillit til næringa, seier Tarald Magne Oma.

– Bøndene vegrar seg for å ta kontakt. Det er fleire prosjekt som ikkje vert sett i gang – folk orkar ikkje. Bønder torer heller ikkje seia ifrå om uhell, som mindre gjødselutslepp, i frykt for økonomiske represaliar. Fleire er òg atterhaldne med å klaga på vedtak, i frykt for konsekvensane.

– Bondevennen legg merke til mykje snakk om saka ‘på bygda’. Kanskje vanskeleg å skilja fakta frå rykte?

– Me må definitivt trø varsamt, her, seier Tjåland.

– Men ein telefon i månaden kjem ikkje frå ingenting.

Han legg til at Bondelaget ikkje er den einaste aktøren i næringa som merkar at det er vanskelegare å operera i Time enn i nabokommunane Hå og Klepp, utan å villa spesifisera.

Tarald Magne Oma

Tarald Magne Oma
Foto: Jane Brit Sande

«Det er fleire prosjekt som ikkje vert sett i gang – folk orkar ikkje.»

Tarald Magne Oma, tidlegare leiar i Time Bondelag

Ønskjer ny retning

Tjåland håpar på betring, og kjem med ei konkret oppmoding.

– Eit velfungerande landbrukskontor er imøtekomande, hjelpsamt og rettleiande. Om ein bonde ønskjer å gjera noko som kontoret ikkje vil gi lov til, skal dei rettleia om korleis bonden kan gjera ting annleis. Det ville vore positivt om kommunedirektøren i Time instruerer landbrukssjefen om å vera meir lempeleg, seier Tjåland.

«Eit velfungerande landbrukskontor er imøtekomande, hjelpsamt og rettleiande.»

Eirik Mikal Tjåland, leiar i Time Bondelag

Time skil seg ut

Bondevennen har vore i kontakt med fleire bønder og kommersielle landbruksaktørar.

Dei stadfestar at landbrukskontoret i Time kommune skil seg ut som meir krevjande å forhalda seg til enn tilsvarande kontor i andre kommunar.

Overfor Bondevennen stadfestar Innovasjon Norge, som løyver tilskot til nye fjøs etter søknad, at søknadane om IBU-tilskot som blir sendt fram frå landbrukskontoret i Time, er meir detaljerte enn det Innovasjon Norge sjølv krev for å vurdera søknaden. IN legg samstundes til at ei grundig handsaming i kommunen gir dei tryggleik for deira eiga vurdering av søknadane.

Til orientering er Innovasjon Norge sin uttale her ein moderert versjon av ein tidlegare godkjent bodskap. IN ønskte endring etter å ha blitt kontakta av Time kommune, (sjå neste avsnitt).

Viktig å ta tilbakemeldingar

Bondevennen legg fram kritikken og følgjande spørsmål til Time kommune og avdelingsleiar landbruk Torfinn Nærland. Plan- og forvaltningssjef Martin Tengesdal Torstenbø svarer per e-post:  

– Kva er oppgåvene til eit landbrukskontor?

«Landbruksavdelingen driver areal- og miljøforvaltning i LNF-områdene i tråd med nasjonale, regionale og kommunale planer og politikk. Avdelingen forvalter statlige økonomiske virkemidler for bl.a. matproduksjon, kulturlandskap og miljø. Kommunen skal også stimulere til næringsutvikling innenfor landbruket. Innenfor disse arbeidsområdene vil det være både veiledning, informasjonsarbeid, saksbehandling og forvaltningskontroll. 

 Det er viktig å være klar over at det er kommunens administrasjon på landbruksområdet samlet sett som håndterer landbrukssaker, ikke en person alene. Ansatte ved landbruksavdelingen er dyktige og engasjerte, og har stor faglig tyngde. Samtidig er det viktig for oss å ta imot tilbakemeldinger på jobben vi gjør, slik at vi kan utvikle og forbedre oss.»

«Det er viktig å være klar over at det er kommunens administrasjon på landbruksområdet samlet sett som håndterer landbrukssaker, ikke en person alene.»

Plan- og forvaltningssjef i Time kommune,
Martin Tengesdal Torstenbø

Martin Tengesdal Torstenbø

Martin Tengesdal Torstenbø
Foto: Time kommune

– I kva grad var du kjent med kritikken som kjem fram i saka? 

 «Under det årlige kontaktmøtet med Time bondelag i desember 2023 ble vi gjort oppmerksom på dette, og det ble også diskutert på et møte vi hadde med bondelaget i august i år.»

– Korleis vil du karakterisera forholdet mellom landbrukskontoret og bøndene i Time?

  «Landbruksavdelingen har hatt gode resultater på brukerundersøkelser fra bønder. Vi møter bonden i mange ulike sammenhenger, som for eksempel i søknadsprosesser og tilskuddsordninger. Med 236 søkere om produksjonstilskudd, er det naturlig med forskjellige meninger om vårt arbeid.

 Selv om vi stort sett opplever at vi har et godt forhold til bøndene, tar vi på alvor de tilbakemeldingene vi får fra bondelaget.»

«Jeg synes det er leit at vi blir
oppfattet slik av Bondelaget.»

Plan- og forvaltningssjef i Time kommune,
Martin Tengesdal Torstenbø

– Kor utfordrande er det å handheva regelverket andsynes bøndene i Time?  

 «Vår jobb er å forvalte gjeldende regelverk på best mulig måte. Det hender at vi må avslå søknader fra bønder, og vi har forståelse for at det kan være vanskelig for bonden i slike saker. Vi ser at vi i noen tilfeller ikke har lykkes med å formidle hvilke regler kommunen må forholde seg til, og hva som er kommunens handlingsrom. Denne dialogen må vi jobbe for å forbedre i fremtiden.»  

– Kva, eventuelt, er utfordrande? 

 «Vi gjør grundige og helhetlige vurderinger før vi avgjør sakene. I tillegg ser vi også på tilsvarende saker i Hå og Klepp for å likebehandle i størst mulig grad. F.eks. ved avkorting av produksjonstilskudd grunnet utslipp av husdyrgjødsel eller silosaft til vassdrag, eller ved graving/bygging av landbruksvei i kantsone til vassdrag. Dette er vanskelige saker som får økonomiske konsekvenser for bonden.

 Samtidig har vi fått tilbakemelding fra Statsforvalteren om at Time kommune har gitt for mild reaksjon i noen saker. Så bildet er sammensatt.»  

 Skal jobba med forbetring

– Time Bondelag reagerer på det dei meiner er forskjellsbehandling, regelrytteri og mistillit frå landbrukskontoret overfor bøndene. Fleire bønder ønskjer ikkje kontakt med kontoret og fryktar represaliar om dei melder inn uhell. I éi sak skal måten landbrukskontoret opptredde på vera medverkande til at bonden nå legg ned drifta. 

 «Vi har stor tillit til bøndene i Time. De har en enorm stå-på vilje, og legger ned stor innsats, og vi skal være stolte av den jobben de gjør. Det er viktig for oss å jobbe på lag med bøndene, og jeg synes det er trist at noen opplever kontakten med oss som ugrei. Vi tar kritikken fra Time Bondelag på alvor, og skal selvsagt jobbe med å forbedre oss.»

«Vi har stor tillit til bøndene i Time.»

Plan- og forvaltningssjef i Time kommune,
Martin Tengesdal Torstenbø

– Korleis reagerer du på kritikken?

 – Bondelaget opplever at du viser mistillit til bøndene. Kva tenkjer du om det? 

«Svar på begge spm over: Jeg synes det er leit at vi blir oppfattet slik av Bondelaget. I de fleste saker opplever vi god dialog med bøndene, også i de vanskelige sakene. Samtidig må vi ta kritikken vi får på alvor, og jobbe for å bli bedre i vår kommunikasjon med bøndene»

– Også fleire andre jordbruksaktørar hevdar at Time kommune skil seg ut som meir krevjande. Reaksjon? 

 «Vi ønsker ikke at noen skal oppleve oss som krevende. Samtidig er dette en påstand det er vanskelig å kommentere uten å vite hvilke aktører det er snakk om, eller hva som skal være krevende.»

– Time Bondelag og Time kommune har hatt fleire møte om forholdet. Kva skjer vidare, frå kommunen si side? 

 «Det er viktig for oss at landbruksavdelingen og bøndene jobber godt i lag, og vi vil derfor fortsette dialogen med Time Bondelag for å se hvordan vi kan forbedre oss på de områdene som er utfordrende.  

 Vi har satt i gang et arbeid for å vurdere saksbehandlingen, og tiltak for å forbedre kommunikasjonen vår. Jeg vil også ta initiativ til et nytt møte med aktuelle aktører for å få innspill i dette arbeidet. 

 Vi opplever de årlige kontaktmøtene mellom bondelaget og kommunen som svært nyttige og vil fortsette med disse. I tillegg er bemanningen på landbrukskontoret nylig blitt fulltallig igjen, etter en lengre periode med redusert kapasitet. Dette gjør at vi fremover vil få mer tid til veiledning med den enkelte bonden i forkant av søknader.»

«Vi ønsker ikke at noen skal
oppleve oss som krevende.»

Plan- og forvaltningssjef i Time kommune,
Martin Tengesdal Torstenbø

– Det er alltid ei løysing

Også Rogaland Bondelag får bekymringsmeldingar om sakshandsaminga i Time kommune. – Om dialogen er fastlåst, og viss det er fleire tilsette ved kontoret, kan ein å be om å få bytta sakshandsamar, seier fylkesleiar Ståle Hustoft.

Ifølgje Hustoft gjeld bekymringane strengare handsaming av saker i Time enn i dei andre jærkommunane, til dømes IBU-søknadar.

– Mellom anna har me sett saksframlegg der kommunen langt på veg kritiserer bonden for å eiga sitt eige landbruksutstyr, ei vurdering me tenkjer er innanfor det sjølvstendig næringsdrivande bønder skal gjera sjølv, seier Hustoft til Bondevennen.

– I andre vedtak er tonen unødvendig krass, sett i samanheng med alvorsgraden i saka. Der det er eit handlingsrom og behov for å nytta skjønn, verkar det som Time kommune ofte nyttar den strengaste tolkinga av regelverket. Dette innbyr ikkje til den tilliten og det gode samarbeidet som ein treng mellom næringa og forvaltninga.

«Dei fleste kommunane har ein god dialog med næringa, men det krev ein innsats frå begge partar.»

Ståle Hustoft, Leiar i Rogaland bondelag

Alltid ei løysing

Bondelagsleiaren viser til at bønder, i tillegg til å meistra ei mengd fagområde for å oppnå lønsemd, også må forholda seg til eit omfattande regelverk.

– Då er det avgjerande at forvaltninga rettleiar i regelverk og sakshandsaming, i tillegg til å driva kontroll. Slik eg oppfattar det er det god dialog i nokre kommunar. Der fungerer dei tilsette på landbrukskontoret som rådgjevar og mentor. I andre kommunar, derimot, opplevast kontakten med kommunen mest som kontrollverksemd.

Ståle Hustoft

Ståle Hustoft
Foto: Rogaland Bondelag

– Bønder er pragmatikarar. Byråkratar forvaltar regelverket. I den grad det er snakk om kulturkræsj mellom dei to – kva kan og bør partane gjera?

– Det er alltid ei løysing. Vår erfaring er at dei fleste kommunane har ein god dialog med næringa, men det krev ein innsats frå begge partar. Om ein med ope sinn diskuterer saker, finn ein oftast løysingar innan gjeldande regelverk, seier Hustoft.

At bønder likevel av og til får eit «nei», er ikkje til å unngå, vedgår bondelagsleiaren.

– Me forståing for at nokre tiltak ikkje fell innafor regelverket og såleis ikkje kan godkjennast. Men viss ein har jamt god dialog elles, vil ikkje det vera eit stort problem – men sjølvsagt sårt for den enkelte som får avslag på eit ønska tiltak.

– Kva rolle kan Bondelaget spela i saker der bønder opplever å stanga mot byråkratiet?

– Jamleg kontakt mellom bønder, bondelag og forvaltning gjer det lettare å ivareta ein god informasjonsflyt. Dei som lukkast med samarbeidet har både formaliserte møte mellom faglag og landbrukskontor, og dei tilsette ved landbrukskontoret deltek med interesse og informasjon på ulike arrangement i regi av landbruket.

Ståle Hustoft har også eit råd til einskilde bønder som kavar med kommunikasjonen med eige landbrukskontor.

– Viss det er fleire tilsette ved kontoret, kan det vera nyttig å be om å få bytta sakshandsamar, om dialogen er fastlåst. Det kan òg vera nyttig å diskutera saka si med ein rådgjevar, ven eller kollega. Då kan ein få nyttige innspel og sjå løysingar ein ikkje hadde tenkt på sjølv. Og treng ein hjelp til ei klagesak, kan ein nytta bondelaget. Både lokallaget og fylkeslaget har mykje erfaring.