Sårbart: Krig i Midtausten påverkar matproduksjonen og prisen på mineralgjødsel her til lands. Foto: Istock / piotrszczepanekfotoart
Midlertidig stopp i sal av mineralgjødsel
Krigen i Midtausten påverkar vårvinna her til lands. Situasjonen er uoversiktleg, men Per Harald Vabø i FKRA forsikrar likevel at det blir nok gjødsel når avtale om ny pris er på plass.
Liv Kristin Sola
Felleskjøpet Agri og Felleskjøpet Rogaland Agder har innført midlertidig stans i bestilling og sal av mineralgjødsel med verknad frå og med i går kveld. Årsaka er krigen i Midtausten som påverkar Yara sin produksjon av mineralgjødsel.
Avhengig av naturgass
Heilt konkret gjeld det forsyning av naturgass, og delvis også svovel, frå områda rundt Hormuzstredet, seier direktør i FKRA, Per Harald Vabø til Bondevennen.
Regionen som no er råka av krig og uro er heilt sentral for global forsyning av naturgass som blir brukt til å framstille nitrogenhaldig gjødsel
– Naturgass er ein viktig innsatsfaktor for å produsere ammoniakk og vidare nitrogen i gjødsel. Når prisane på naturgass er dobla dei siste dagane, skapar det nervøsitet i verdsmarknaden for gjødsel, seier han.
Per Harald Vabø
Nye prisar
Det er FK-Agri som forhandlar med Yara om pris på mineralgjødsel for den norske marknaden. Felleskjøpet Agri har no stoppa salet av mineralgjødsel til nye prisar er avklart.
– Då valde me å gjere det same for å unngå ein situasjon med kaos og hamstring, seier Vabø.
– Kan det bli mangel på gjødsel?
– Nei, dette handlar om pris og stabilisering av marknaden, ikkje om forsyningssikkerheit, forsikrar Vabø.
Yara vil kome med nye prisar på gjødsel. Når det blir er usikkert, men Vabø er trygg på at det er snakk om dagar, ikkje veker.
Levering som bestilt
FKRA melder at dei har gjødsel på lager og leverer til kundar som allereie har bestilt, og til den prisen som er avtalt. For dei som ikkje har bestilt vil det bli opna for nye bestillingar når situasjonen om pris er avklart.
