Svinn? I dag er det i stor grad opp til matprodusenten å finne rett haldbarheit på produkta sine. Er dei for strenge med datostemplinga? Foto: Istock / nicoletaionescu
ATTLEGG:
Mindre matsvinn med rettare merking
Kvart år blir det kasta mykje mat på grunn av «best før»-stempling. No skal norske matprodusentar får betre hjelp til å sette rett haldbarheitsdato.
Liv Kristin Sola
I 2017 fekk me Bransjeavtale om reduksjon av matsvinn, kor styresmaktene og private aktørar pliktar seg til å redusere matsvinn i alle ledd i matkjeda innan 2030. Men ifølgje Nibio, ligg me langt bak målet.
No skal Nofima i lag med Matvett og Nibio, undersøke korleis norske matprodusentar vurderer haldbarheit og sjå om betre rettleiing kan reduserer unødig matsvinn. For per i dag er det i stor grad opp til produsenten å finne rett haldbarheit på sine produkt. Ifølgje prosjektleiar Anlaug Ådland Hansen i Nofima, er målet å gjere det enklare å unngå at mat som kan etast blir kasta, seier.
Kvart land sine reglar
Ei undersøking utført av Matvett i 2015, viste at dei nordiske landa har ulik praksis for korleis dei fastsett haldbarheit for matvarer. Ein del av arbeidet blir å sjå korleis regelverket blir tolka i andre land. Gjennom spørjeundersøkingar og intervju med matprodusentar skal forskarane finne ut kor skoen trykker, og kva som kan gjerast betre for å redusere matsvinn.
Kjelde: Nibio


