bv37_aktuelt1

774 Sjokolade hjå Ingunn Dyvik blei kåra til Miss Jøren 2013. Ein stolt familie viser ho fram. Frå venstre: Ingunn, Amalie, Lars og Anton Dyvik. Foto: Liv Kristin Sola

 

Frå tidleg morgon kom mønstrarar og deira flottaste misse-kandidatar sigande til Idrettsplassen på Varhaug. Det er dagen då Miss Jæren skal kårast, den flottaste kua i regionen.

Mønstringa lokka til seg 48 kyr, fordelt på dei tre rasane Jersey, Holstein og NRF. Dei skal konkurrera om å bli kåra til beste ku i si klasse, og til slutt vinne den gjeve tittelen «Miss Jæren». Innafor kvar rase, blir det igjen delt inn i to forskjellige klassar: kyr som har hatt ein kalv, og kyr som har hatt meir enn ein kalv.

Vask og puss

Turen frå fjøset til utstillingsområdet set sitt preg på dyra. Bøttene blei fylt med grønsåpevatn, og pusseutstyret blei sett fram. Kyrne skal skine i ringen, når dei blir presentert for dommarane. Dommarane har lang erfaring. Ole Morten Aanestad, eigar av Holsteinkua 673 Isabella, smilte stolt då Isabella fekk topp score på kropp og bein, og berre eit halvt poeng trekk på jur.
– En riktig dejlig ko med prima jur, var kommentaren frå den danske dommaren Peter Larsson. I klassa for 1. kalvskyr var konkurransen svært hard. Til slutt var det 1041 Tulline frå Midt-Varhaug samdrift som stakk av med sigeren.

Det ytre som tel

Jerseykyr har vore svært ettertrakta for høg del av feitt i mjølka, men i kåringa av den flottaste kua i regionen er det berre det ytre som tel. Kåre Sigurd Undheim eigde fleire av kyrne som skal konkurrera. Undheim si 492 Penny vinn si klasse, og vert kåra til finaste Jerseyku på Jærmessa 2013. Beste NRF-ku blei Sjokolade frå Austrått, etter å ha kniva med 1. kalvskua Dina om sigeren.

Miss Jæren

Dei to vinnarane innan kvar rase konkurrerte om den svært gjeve tittelen Miss Jæren. Tre dommarar rangerar og gir poeng. Spenninga var stor då det viste seg at tre kyr hadde lik poengsum. Ifølge regelverket er det eldste kua som vinn dersom det er fleire med lik poengsum – Miss Jæren er altså ei missekåring der høg alder kan vera ein fordel. Vinnaren av Miss Jæren 2013 blei derfor NRK-kua 774 Sjokolade født i 2008, eigar er Ingunn Dyvik.

bv37_aktuelt2

Brørne Sindre og Sigurd Skretting vann kvar si konkurranse under kalvemønstringa.
Foto: Kristin Søyland