Nye i styret: Anders Schanche Rettedal er ny styreleiar i NSG og Gry Ingvild Agjeld er ny i styret.
Ny styreleiar i NSG
Anders Schanche Rettedal takka nei til attval i Rogaland Sau og Geit. No skal han leie sentralstyret i NSG.
Liv Kristin Sola
Bonden frå Klostergarden på Mosterøy kunne ikkje takke nei når sjansen baud seg.
– Eg er fødd og oppvaksen i denne organisasjonen. Det er litt heime for meg, seier han til Bondevennen.
Valnemnda gjorde ein grundig jobb i forkant av NSG sitt årsmøte i Bergen 11. og 12. mars. Tre av styremedlemmane, inkludert nestleiar Marthe Lang-Ree, tok ikkje attval. Innstillinga frå valnemnda ende med fire nye styremedlemmar, inkludert både leiar og nestleiar.
«Eg er fødd og oppvaksen i denne organisasjonen.»
Anders Schanche Rettedal
Samrøystes innstilling
Leiar i valnemnda Tor Hallvard Torson Mostøl la fram ei samrøystes innstilling og takka medlemmane for uvanleg mange innspel og stor aktivitet.
– Etter ei totalvurdering har valnemnda kome til at me innstiller på ny leiar og nestleiar i NSG, seier han.
For valnemnda var det viktig å finne personar med organisasjonserfaring, politisk forståing og nettverk inn mot aktørane som NSG treng gode relasjonar til.
– Det leverer innstillinga på, seier Mostøl.
Han har god tru på at det blir ein god leiarduo, som er viktig for eit fungerande styre.
– Anders er oppteken av eit sterkt og synleg NSG som bidreg til positiv økonomisk utvikling for smånæringa og at NSG er ein naturleg og føretrekt interesseorganisasjon for flest mogleg småfeprodusentar. Gry Ingvild er fersk i NSG, men har sterk organisasjonserfaring og eit breitt politisk nettverk. Me trur ho vil bli ein god nestleiar, summerer han.
Benkeforslag på nestleiar
Det var knytt ekstra spenning til val av nestleiar. Valnemnda si innstilling, Gry Ingvild Agjeld frå Vestland, har ein imponerande CV frå ulike tillitsverv i landbruket, blant anna som leiar av Vestland Bondelag. I NSG er sauebonden frå Olden i Stryn eit meir uskrive blad.
Valnemnda fekk ros for eit spenstig innstilling, likevel vart det stilt benkeforslag på sittande styremedlem Ketil Trongmo frå Nordland. Ingen av kandidatane fekk presentere seg og avstemminga viste 43 stemmer til Trongmo mot Agjeld sine 23.
Agjeld tok det heile med knusande ro. Ho var kjend med at det ville bli benkeforslag og er motivert for to år som styremedlem.
– Eg vil takke for tilliten og ser fram til å bli godt kjend med organisasjonen og gjere ein innsats for småfenæringa i styret, seier ho til Bondevennen.
Ketil Trongmo Foto: NSG
F.v Anniken, Ketil, Anders, Jo Agnar, Kristin, Mina og Atle. Foto: NSG
