• Alle "Blomane" i Tryggheim Barnehage på Nærbø samla på halmballen. Bak f.v.: Elias, Jofred, Trym, Tor Olav, Joakim, Siv Anita Midten f.v.: Mons Jakob, Morten, Vilde, Nora, Pauline, Lea, Chloe, Asgeir Fremst f.v.:Elisabeth, Julia, Margaret, Kari, Jane Elin

 

Venene frå barnehagen skal få sjå kyr og oksar, helsa på kalvane og køyra traktor, eta graut og peparkaker.

Liv Kristin Sola

Pauline er fem år. Ho går siste året i Tryggheim Barnehage, på Nærbø, i Hå kommune. I dag har ho invitert med avdelinga si, Blomane, på gardsbesøk. Heime på garden Store Håland, har Pauline 52 kyr, 30 oksar, 60 kviger og 15 kalvar.

Asgeir Pollestad, far til Pauline, fortel om kyr og mjølk. Ester Pollestad, mor til Pauline, forklarer korleis dei fôrar kalvane. Litt mykje fakta for somme, som heller vil leika og boltra seg i halmen og på fôrbrettet.

– Etter at kua har mjølka seg, må ho vaska seg, trur Tor Olav og Elias. Dei er litt usikre, men trur at kua har ein dusj ein stad, sidan ho er så rein.

I haust har Blomane hatt «Haustens grøde» som tema. Dei har lært litt om livet på garden, om dyra og maten som vert dyrka. Tryggheim barnehage kan besøka Jærmuseet/Jærgarden, som ligg i gå-avstand frå barnehagen, når dei ønsker. Her har dei blant anna vore med på å hausta poteter, fortel Siv Anita, ei av dei tilsette.