Klar, ferdig, sending! Ingvild Luteberget Nesheim, Magnus Haugland og lydteknikar (og bonde!) i AbcStudio i Etne, Stig Morten Sørheim. Foto: Magnus Haugland

Bondevennens fagpodcast er på lufta – og det med høgt feittinnhald!

Bothild Å. Nordsletten

På med øyreklokkene, spenn traktorbeltet: Førte episode av Bondevennens eigen podcast-kanal for fagformidling med glimt i auga går på lufta fredag 14.januar! Programleiarane Ingvild Luteberget Nesheim og Magnus Haugland er klare frå åkrar, fjøs – og studio i Etne.

– Me gler oss! For oss er dette ein heilt ny måte å formidla fagstoff på, seier Magnus.

Han kjenner du kanskje som rådgjevar i NLR Rogaland, men for tida er han også lærar ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Som heilt ferske i podcast-faget har det vorte lange månadar med kursing, planlegging, stemmesjekk og studioteknisk prøving og feiling.

– Bratt læringskurve, konstaterer Magnus’ makker i studio, Ingvild Luteberget Nesheim, til dagleg rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke.

Høgaktuelt feitt

I første episode spør dei to korleis du som bonde sikrar høgast mogleg feittprosent i mjølka.

– Kvifor nett dette tema til første episode?

– Tema er verkeleg aktuelt om dagen, svar Ingvild.

– Når kvotane no blir redusert, er høgare feittprosent ein avgjerande måte å få høgare mjølkepris på.

– Kva vil de at Bondevennen-lyttaren skal sitja att med etter episoden?

– Vissa om at du sjølv kan gjera tiltak som påverkar lønsemda i drifta di, svarar Magnus.

Han meiner tema er interessant også for dei som ikkje driv med mjølkekyr.

– Også for ammeku – og sauebønder vil dette vera spanande. Som bonde treng du djupn og breidde i heile fagfeltet, og det får du i podcasten vår.

Formidlingsglade som dei er snakkar nok Ingvild og Magnus seg nok varme i studio. Men dei vil svært gjerne også ha innspel frå deg som høyrer på.

– Jau, me vil gjerne ha innspel til tema me kan ta opp. Og me ønskjer også tilbakemeldingar på alt frå presentasjon, fag til vinklingar, seier Ingvild.

Har du tips eller tilbakemeldingar til Bondevennens podcast-redaksjon? Skriv til podcast(A)bondevennen.no

Du finn Bondevennens podcast overalt der du lyttar til podcast.

Bondevennen takkar Fylkeskommunen i Rogaland for støtta til podcasten vår over ordninga «Tilskot til rekruttering og kompetanseheving i landbruket» (RK-midla).