Matstreif gjekk føre seg i Oslo fredag 12. og laurdag 13. september.
Heile 220 produsentar hadde pakka varene i bilane sine og teke turen til hovudstaden.
Liv Kristin Sola
Rådhusplassen, Aker Brygge og Tjuvholmen vart forvandla til livlege marknadsplassar med eksklusive varer, smakfult presentert og levert med stolthet og kunnskap.
Produsentar frå heile landet var fordelt utover området. Ei god blanding av lukter, smakar og spennande synsinntrykk møtte nyfikne forbrukarar og turistar. Eit godt utval av «Smaken av Norge».

Turid Skjervheim og Signe Karin Kvamsøy frå bedrifta Haust i Hardanger, sel eple i alle smakar og variantar; ferske, tørka, sylta og chutney. Dei ferske epla er mest for fine til å etast. – Forbrukarane er bevisste, dei veit kva dei vil ha, seier Turid.

– Me liker ikkje å kasta mat. Då me vart klar over at det vart kasta store mengda frukt kvar sesong, måtte me gjera noko med det, seier Guro frå bedrifta Innigo.