Valnemnda i Rogaland Bondelag hadde i dag siste møte før årsmøtet, som skal vere 10.-11. mars.
Jane Brit Sande
Det går mot kvinneleg leiar i Rogaland Bondelag. Marit Epletveit frå Gjesdal Bondelag, er valnemnda si innstilling som avtakar etter Ola Andreas Byrkjedal, som nyleg annonserte at han trekk seg etter fem år i stillinga. Innstillinga av Epletveit er samrøystes.
– Me hadde mange gode kandidatar til leiarposten, , seier Sigmund Rangen, leiar i valnemnda.
– Marit Epletveit har vore leiar i Gjesdal Bondelag i fire år no, og me ser på henne som dynamisk, dyktig og uredd. Ho vil vere ein verdig avtakar etter Ola Andreas Byrkjedal.
I tillegg til Epletveit er det føreslått to nye til kandidatur i fylkesstyret: Ole Martin Eikeland, Suldal Bondelag (styremedlem i to år), og Guttorm Gudmestad, Rennesøy Bondelag (varamedlem til styret).