Samarbeid: F.v. Terje Birkeland, Hilde Sangesland Strædet (lærar på Dyreomsorg), Lillian Lislevand (lærar på Solidaritet og bærekraft) og Harald Solås (lærar på Dyreomsorg). Foto: Øystein Moi

Evje-bonde Terje Birkeland har starta eit samarbeid med Evje Folkehøgskule. Etter påske skal om lag 30 elevar samlast i tunet hjå Birkeland. Elevane går på linjefaga «Dyreomsorg» og «Solidaritet og bærekraft».

Jane Brit Sande

Birkeland er mjølke- og ammekuprodusent, og leiar av Evje Bondelag.

– Eg hadde besøk av skulen i fjor også, men då viste eg berre fram fjøset. Denne gong vil eg gjere opplegget litt meir lærerikt. Derfor var eg så frimodig at eg sa at viss me skulle gjere dette igjen, så ville eg visa elevane kva samvirka betyr for oss bøndene, seier Birkeland til Bondevennen.

Tine og Nortura stilte seg umiddelbart positive, seier bonden.

– Dei har fått i oppdrag å fortella elevane kva samvirket betyr for bøndene, særleg her i distrikta, seier Birkeland.

Fjorårets besøk av folkehøgskuleelevane ga varierte erfaringar.

– Ingen av dei var negative, men det varierte kor engasjerte dei var og om dei stilte spørsmål, og så vidare, seier Birkeland.

– Andre bønder har opplevd at folk som vil inn i fjøsa, har uærlege hensikter. Har du tatt førehandsreglar?

– Nei, eg har ikkje det. Eg har tillit til lærarane. Besøket er ein del av eit undervisningsopplegg, seier Birkeland.

– Elevane er i slutten av tenåra, og det er ein sårbar alder. Eg vonar besøket hjå meg vil lære dei litt meir om «vår side» i debatten, seier han.