Her skal det skje: Biojæren AS, der FKRA, Lyse, Ivar og Air Liquid Skagerak inngår, planlegg eit stort biogassanlegg i tilknyting til Ivar sitt eksisterande reinske -og biogassanlegg på Grødaland i Hå kommune på Jæren. Foto: 1881.no

Her skal det skje: Biojæren AS, der FKRA, Lyse, Ivar og Air Liquid Skagerak inngår, planlegg eit stort biogassanlegg i tilknyting til Ivar sitt eksisterande reinske -og biogassanlegg på Grødaland i Hå kommune på Jæren. Foto: 1881.no

Satsar vidare, trass Enova-nei til biogass i Hå

16. august 2024 | Aktuelt

Planen er framleis å bygga Noregs største biogassanlegg for husdyrgjødsel på Grødaland, men førebels har Enova  sagt nei til søknaden om økonomisk støtte.

Bothild Å. Nordsletten

​183 millionar kroner bad Bio Jæren AS om då dei 11.april søkte Enova om etaberingsstøtte til eit biogassanlegg på Grødaland. Bak BioJæren AS stod FKRA, Tine, Nortura, Ivar, Lyse og fransk-eigde Air Liquide Skagerak.

Enova-støtta vart omtalt som avgjerande for ein snarleg byggestart. Paralellt er også landbruket sine forventingar store til kva eit biogassanlegg kan bidra med for å ta ned sektoren sitt klima- og miljøutslepp, samt for betre næringsutnytting. Utsiktene til ei snarleg innføring av nytt gjødselregelverk har ikkje dempa forventingane blant jærbøndene.

I juli kom svaret. Enova delte ut totalt 109 millionar kroner til tre biogassprosjekt. Blant dei var ikkje Bio Jæren AS.

Enova vil ikkje svara Bondevennen på spørsmål om grunnen til avslaget. Det statlege føretaket seier dei berre uttalar seg om søkjarar som har fått støtte.

«Grunnen til avslaget
er ein rein formalitet.»

Torgeir Erfjord

Torgeir Erfjord

Torgeir Erfjord

Ei forklaring frå me derimot frå Torgeir Erfjord som held i biogass-satsinga i FKRA.

– Grunnen til avslaget er ein rein formalitet. Enova krev at prosjekta som søkjer støtte har ei ferdig regulert tomt å visa til. Men tomta me ønskjer å etablera oss på i Hå er ennå ikkje regulert. Det håpar me den blir ved første kommunestyremøte i kommunen i haust. Ny søknadsfrist hjå Enova er 15.oktober. Då søkjer me igjen, seier Erfjord.

– Det krev vel ein del ressursar for såpass mange aktørar som dykk i Bio Jæren å samanstilla ein slik søknad. Og nå må de altså skriva ein ny. Korleis oversåg de eit så tydeleg kriterium som tomt i første venda?

– Prosessen i Hå kommune har tatt noko lengre tid enn det me hadde trudd, noko Enova vart informert om. Likevel ville dei ikkje fråvika kravet. Det er ingen tvil om at det er krevjande å utarbeida ein slik søknad. Men nå er mykje av jobben alt gjort, og me kan bruka om igjen det meste av dokumentasjonen.

To trekte seg

Torsdag 15. august annonserte Nortura og Tine at dei trekk seg frå Bio Jæren AS og overlet aksjane sine til Lyse. Ifølgje Erfjord er det ingen dramatikk knytt til denne endringa. Grunnen, ifølgje dei to samvirka, er at båe ønskjer å konsentrera seg om sine respektive kjerneverksemder, og at dei meiner at Bio Jæren er tent med andre industrielle aktørar.

«Prosessen i Hå kommune har tatt noko lengre tid enn det me hadde trudd.»

Torgeir Erfjord

Med andre ord er det heretter FKRA, Lyse, Ivar og Ari Liquid Skagerak som ber fana vidare.

Erfjord seier han er trygg på at Enova vil gi støtta prosjektet etter ein ny søknad.

– Ja, det er det all grunn til å tru at dei vil. Med mindre noko skjer med tildelingskriteria, bør skal me få til dette, seier FKRA-representanten.

Nytt mannskap

I mellomtida står det ikkje stille i Bio Jæren AS. I dag lyser dei ut ein ny stilling som dagleg leiar. Vedkomande vil formelt bli tilsett i Lyse-konsernet, som så leigar hen ut til Bio Jæren.

– Det blir ei spanande stilling som inneber å få vera med å bygga opp eit nytt anlegg, seier Erfjord.

Jobbinstruksen vil mellom anna innehalda dialog med kommunen, design av det nye anlegget, samt, ikkje minst, å inngå avtalar med bøndene som skal levera husdyrgjødsel til Grødaland.

Mange bønder er spente på korleis desse avtalane vil sjå ut, og kva fordelar som ligg i teksten for dei.

– Me vil gå ut med avtalane om kort tid. Eg er trygg på at dei skal vera attraktive for bonden, også med tanke på korleis me skal behandla gjødsla, ikkje minst kva gjeld fosforreduksjon, seier Erfjord.

«Eg trur konkurransen mellom fleire aktørar berre er bra for bonden.»

Torgeir Erfjord

Også ein annan lokal biogassaktør, Biokraft Jæren, som blir støtta av Q-meieriene, har annonsert at dei er i ferd med å  offentleggjera sine avtaletekstar.

Sjå lenke til Bondevennens artikkel om dette.

– Så då blir det snart råd for bøndene å samanlikna dei to avtalane for å sjå kva for ein som er best for dei?

Ja, sjølvsagt kan dei det, seier Erfjord.

Og eg trur konkurransen mellom fleire aktørar berre er bra for bonden.

Fullt trykk heretter

Erfjord merkar at jærbøndene er utolmodige i påvente av den nye teknologien.

Det skulle eigentleg berre mangla, for det har vore snakk om biogassanlegg lenge. På den andre sida, hadde dette vore veldig lønsamt, hadde det vore realisert for lengst.

Ifølgje Erfjord har satsinga på biogass måtta mogna.

Kanskje er det slik at det har tatt tid å sjå det heilskaplege reknestykket i dette. At biogass handlar ikkje berre om kroner, men òg om energibalansen i landet, om klimavinsten, fosforet og vilkåra i landbruket. Dette er altså både landbrukspolitikk, klimapolitikk og energipolitikk. Me ser meir av bilete nå, som gjer det viktig å koma vidare.

– Kva inneber «vidare»? I vår uttalte Bio Jæren at anlegget, gitt Enova-støtte, kunne stå ferdig i 2025. Kva seier du nå?

Lat meg anslå at me er oppe og produserer biogass i 2027-28. Alle detaljar, tilbodsrundar, design av anlegget – det tar tid.  Men til vinteren tar me ei investeringsavgjerd. Det dreg til med fullt trykk nå.

Desse fekk Enova-støtte til biogassproduksjon

Havila Biogass AS

  • Biogassanlegg i Hustadvika, Møre og Romsdal
  • Støtte inntil 35,5 mill. NOK

Renevo AS

  • Ombygging av delar av prosessen ved eksisterande biogassanlegg på Stord, Vestland
  • Støtte inntil 25 mill. NOK

Biogy Solution AS

  • Biogassanlegg på Mosterøy (Den biosirkulære fabrikken), Rogaland/Vestland
  • Støtte inntil 49,36 mill. NOK

Kjelde: Enova