Vatn please: God kapasitet og mange nok drikkeniplar er sentralt for dyrevelferda. Illustrasjonsbiletet syner det motsette; tørste griser og tørr drikkenippel. Foto: Istock / esancai
ATTLEGG:
Sjekk at grisene får nok vatn
I Dyrevelferdsprogrammet for svin var fire av ti velferdsavvik i 2024 knytt til vatn. Det syner kor avgjerande, men også kor sårbar vassforsyninga i svinehald er.
Sjur Håland
Heldigvis kan mykje rettast opp med enkle og faste rutinar, skriv Else Marie Eriksen, spesialrådgivar i dyrevelferd i Animalia.
Vatn er naudsynt for fordøyelse, temperaturregulering, næringsopptak og utskiljing. For lite vatn reduserer fôropptaket, svekkjer trivselen, aukar sjukdomsrisikoen og kan utløyse åtferdsproblem som halebiting. Behovet aukar særleg i varme periodar og hjå diande purker. Dagleg kontroll av vasskjeldene er avgjerande. Dokumenterte rutinar gjer det lettare å følgje opp.
Gjennom meir enn 3.200 veterinærbesøk i 2024 vart vassavvik rapportert som dei mest vanlege problema, først og fremst gjennom manglande rutinar og utilstrekkeleg vasstilgang. Om lag ein tredel av desse avvika vart melde av produsentane sjølv, og handla om svak eller manglande kontroll.
God kapasitet i drikkeniplane er heilt sentralt. Får ikkje grisen i seg nok vatn, påverkar det både helse og produksjon. Kvaliteten er også viktig. Drikkevatnet skal halde same hygieniske standard som vårt eige, og regelmessige prøver er nødvendig der ein nyttar brunnvatn.
Rett tal drikkepunkt og god plassering gjer at grisene får jamn tilgang. Det bør vere maks 5–7 griser per drikkepunkt, og niplar bør monterast slik at ikkje dominerande dyr stenger for andre.
God vasstilgang er med andre ord eit enkelt og effektivt tiltak som gir betre dyrevelferd, betre tilvekst og betre fôrutnytting.
Kjelde: Animalia


