God ballast: VLR har satsa på ein kombinasjon av fagleg tyngde, praktisk erfaring og formidling når dei tilsette Ingvild Luteberget Nesheim som ny rektor. – Målet mitt er å tenne ein gnist hjå elevane slik at dei søker meir kunnskap, også når skuleåret er over, seier Ingvild. Det er berre åtte år sidan ho sjølv studerte.

Ingvild Luteberget Nesheim (32) er ny rektor ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. – Eg gler meg til å utfordre både meg sjølv og elevane, seier ho.

Liv Kristin Sola

Ingvild Luteberget Nesheim frå Nedre Vats i Vindafjord, tek over etter Asbjørn Ask, som går av med pensjon etter 28 år ved skulen, dei siste 20 som rektor.

– Asbjørn har vore viktig for landbruket i Nord-fylket. Eg er stolt og audmjuk over å få overta. Det er verkeleg ei oppgåve eg gler meg til, seier ho.

Ingvild var ikkje akkurat på leit etter ny jobb, men kunne ikkje la vere å søke då ho såg annonsa frå VLR.

– Vinterlandbruksskulen er kjent for å ha spesielt motiverte elevar og eg stortrivst med å formidle kunnskap om landbruk, det faget eg brenn for, seier den ferske rektoren, som kjem frå ei stilling som fôringsrådgivar i Tine.

Støtte på heimebane

Ingvild tek over ein skule i medvind og med høge søkartal og motiverte elevar. Ho gler seg til å bli kjent med elevane og til å undervise, og varslar ingen store endringar, i alle fall ikkje med det første. Men på sikt vil ho finne sin måte å løyse oppgåvene på.

– Asbjørn har vore veldig til stades blant elevane. Det er høgt verdsett. Han har vore tilpassingsdyktig og hatt eit fleksibelt opplegg. Det vil eg heilt klart halde fram med, seier Ingvild.

Likevel er ho klar på at ho ikkje må legge lista høgare enn ho kan klare å leve opp til. Komande vinter blir undervisninga i Vindafjord. Truleg står Suldal for tur året etter. Når skulen flyttar lengst sør i regionen, blir det lange avstandar. Det betyr timar i bil og overnatting i samband med kveldsundervisning.

– Store avstandar og lange arbeidsdagar, gjerne med kveldsmøte, er eg van med frå Tine. Eg er heldig som har Eirik heime. Han klarer både barn og fjøs når det trengst, seier ho.

Frå detaljar til breidde

Ingvild skal undervise i husdyrfag. Då er åtte års rådgivarerfaring eit godt utgangspunkt. Å drive eigen gard med storfe er heller inga ulempe. Men no må blikket løftast frå finjusterte fôrplanar og presisjonsrådgiving til grunnleggjande kunnskap om alle husdyrslag.

– Eg har lært utruleg myke av dyktige bønder og fagfolk, men kompetanse er ferskvare. Eg skal gjere mitt aller beste for å halde meg fagleg oppdatert for å formidle det siste innan alle husdyrproduksjonar, seier Ingvild.

Den nye rektoren

Ingvild Luteberget Nesheim (32) vaks opp i bustadfelt på Nærbø på Jæren. Interesse for hest og husdyr gjorde at ho valde to år med naturbruk på Øksnevad vgs. og eitt år med utvida studiekompetanse på Bryne vgs. I 2012 fullførte ho ei masterutdanning i husdyrvitskap ved NMBU (Landbrukshøgskulen).

Etter fem år på Ås jobba ho fire år som grovfôrrådgivar hjå NLR Rogaland på Særheim, før ho fekk jobb som fôringsrådgivar i Tine, med kontor i Ølen.

Ingvild er gift med Eirik Nesheim. Dei overtok heimegarden hans på Nesheim i Nedre Vats i Vindafjord i 2016. To år seinare tok dei i bruk nytt kaldfjøs til ein ammekubesetning. Dei har 23 mordyr og fôrar fram oksane og dei fleste kvigene i tillegg til litt sal av livkviger. Ingvild og Eirik har barna Eline (2), Ådne (4) og Magnus (6).  

Gjesteførelesarar, gardsbesøk og fagturar vil framleis vere ein viktig del av undervisninga. I tillegg vil ho legge til rette for å bruke digitale verktøy, blant anna slik at elevane kan følgje undervisninga også når dei ikkje kan møte i klasserommet.

– Men digitale verktøy erstattar ikkje diskusjonen i klasserommet, understrekar ho.

Tenk sjølvstendig

– Kva er det viktigaste du kan formidle?

– Målet mitt er å tenne ein gnist hjå elevane slik at dei søker meir kunnskap, også når skuleåret er over. At dei går på fagmøte, bruker rådgivinga og kvarandre, og finn seg til rette i eit nettverk, seier Ingvild.

Ho ønsker å gjere elevane i stand til å tenke sjølvstendig og kritisk, og klare å sjå samanhengar.

– Me bønder treng kunnskap for å kunne ta dei rette vala for eige bruk, ut frå dei måla me har, ressursane på garden og kor mykje me er villige til å satse og jobbe, seier rektoren.

Nettopp evna til kritisk og sjølvstendig tenking vart trekt fram då Ingvild i 2012 vart tildelt Masteroppgåveprisen for beste gjennomførte masteroppgåve ved NMBU det året.

Me kan ikkje akseptera at kritikarane har meir kunnskap enn oss.

– Eg håper også at elevane får nokre aha-opplevingar, at brikker fell på plass og at dei får ein djupare forståing for det dei driv med, seier Ingvild.

Ho innrømmer at ho sjølv, etter mange år i næringa, framleis får slike opplevingar.

Vil skape debatt

Ingvild er ikkje redd for å sette krevjande tema, som klima og dyrevelferd, på timeplanen.

– Eg vil gjerne spissformulere og stil le utfordrande spørsmål som eg veit det blir reaksjonar på, seier ho.

Målet er at elevane skal lære å diskutere og bli trygge nok til tore å møte landbruket sine kritikarar og kunne argumentere ut frå eit fagleg grunnlag.

– Me kan ikkje akseptera at kritikarane har meir kunnskap enn oss. Me kan ikkje feie vanskelege debattar under teppet og møte motparten med skjellsord. Det er fordummande, meiner Ingvild.

Ho trur bøndene gjer lurt i skaffe seg grunnleggjande kunnskap om samanhengar og dagsaktuelle tema, både for å stå sterkare i diskusjonane og for å bli tatt på alvor av motparten.

– I dag går alt så kjapt. Få tek seg tid til å sette seg inn i problemstillingane og me gløymer kunsten å diskutere, seier ho.

Engasjert rektor

Den nye rektoren er knapt eldre enn gjennomsnittet av elevane. Ho har ei tung teoretisk utdanning og solid praktisk erfaring, ikkje minst frå eige bruk. I tillegg har ho lang fartstid frå rådgiving både på Jæren og Haugalandet. Tilbakemeldingane ho får frå bønder og kollegaer tyder på at ho er grundig og engasjert i jobben.

– Korleis vil du beskrive deg sjølv?

– Strukturert. Eg må ha lister og ein plan som driv meg framover. Det som står på lista blir gjort. Eg har eit sterkt engasjement for landbruk og med åra har eg fått meir fagleg sjølvtillit – og eg jobbar med å undertrykke min indre jantelov, seier rektoren og smiler godt.

Ingvild har tru på ros og skryt.

– Det motiverer i alle fall meg. Men det må kjennast fortent, seier ho.

– No er du sjef og skal leie andre. Kva tenker du om det?

– Eg må stole på at eg har det som skal til, både fagleg og menneskeleg. I tillegg har eg erfarne og dyktige fagfolk til å undervise, og eit nettverk eg skal bruke for alt det er verdt, seier Ingvild.

– Men som leiar er eg nok den strengaste sjefen overfor meg sjølv, legg ho til.

Vinterlandbruksskulen i Ryfylke

Skulen starta opp i 1979 og er organisert som ei stifting eigd av ti kommunar på Haugalandet og i Ryfylke. Undervisninga ambulerer mellom kommunane og er kvart fjerde år i ein av dei fire geografiske områda; Haugalandet, Indre og Ytre Ryfylke, samt øyane sør i regionen. Nøyaktig kor undervisninga skal føregå er det styret som vedtek.

Undervisninga er lagt til to kveldar og ein dag i veka, samt ein laurdag i månaden. Lærarane har inntil femti prosent undervisningsstilling. Det vert undervist i plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap, gardsdrift, økonomi og driftsleiing, samt traktor og maskinar. Ved fullført skuleår vert elevane agronomar.

På grunn av høge søkartal dei siste åra har undervisninga halde til to år på same stad. I år i Ølen i Vindafjord for andre år på rad. Med ny rektor busett i Nedre Vats vil skulen få ny base og adresse til Landbrukets hus i Ølen.  

Stikkord denne saka: