
Før og etter: Ragna Steinveg har i si masteroppgåve ved Nord universitet undersøkt tilvekst i ti landsvinbesetningar før og etter omlegging til SPF. Foto: Tom E. Holmlund/Fagbladet SVIN
SPF-grisen veks godt
Det syner Ragna Steinveg si masteroppgåve i husdyrvitskap.
Sjur Håland
Studien omfatta spedgris og ungpurker. Oppgåva synte auka vekter etter både tre veker og 150-dagars alder ved overgang frå konvensjonell helsestatus til SPF-status.
Spedgrisene var etter omlegging 310 gram tyngre enn før omlegging. Trevekersvekta auka frå 6,84 kilo til 7,15 kilo. Det betyr ei vektauke på 4,6 prosent. Ved 150 dagar hadde SPF-grisen ei vektauke på heile 11,2 prosent. Også fôreffektiviteten auka ved overgang til SPF.
Så då er det vel berre å gå i gang, sanere og starte opp med reint fjøs, blanke ark og ein gris fri for mange sjukdommar (SPF)?
Plussar og minusar
Undersøkinga til Steinveg avslører både positive og negative haldningar til SPF. Kostnadane ved omlegging blir trekt fram som hovudårsak til at ikkje fleire har lagt om. Dei som derimot har lagt om drifta si held fram at SPF er positivt for produksjonsresultata. Særleg i form av auka tilvekst.
Steinveg konkluderer med at det med nok informasjon og investeringsmidlar er sannsynleg at fleire svineprodusentar vil leggje om i tida som kjem.
Kjelde: Fagbladet SVIN