Karbonfangarar: Regenerativt landbruk byggjer opp og reparerer naturlege kretslaup som bind karbon. Til det er storfe og andre beitedyr sjølvskrivne.

Tretten bønder i Rogaland er invitert til å delta i eit regenerativt landbruksnettverk for å lære meir om molda som naturbyggjar og klimaløysing.

Liv Kristin Sola

Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) og Rogaland Bonde- og Småbrukarlag har invitert bønder til å delta i eit treårig prosjekt for å utvikle kunnskap og kompetanse om regenerativt landbruk. Professor Dag Jørund Lønning ved HGUt ser på prosjektet som eit gjennombrot for regenerativt jordbruk her til lands.

– I dag er eg veldig glad. Prosjektet er sjølvsagt fantastisk spennande for HGUt som kunnskapsmiljø. Endå viktigare er den potensielt veldig store betydinga for landbruket generelt og for Matfylket Rogaland spesielt, skriv Lønning på skulen si heimeside.

Han meiner regenerativt jordbruk er ei typisk vinn-vinn løysing.

– Ein produserer mat med særs høg kvalitet, samtidig som ein byggjer det aller viktigaste i naturen; levande mold. Den alt anna liv skal veksa fram frå. Frå å vera definert som det største problemet, blir landbruket her ei uhyre sentral løysing i kampen mot klimaendringar og naturmangfaldstap. Eg gler meg til å ta fatt, og til å samarbeida med forvalting og bøndene i nettverket i å løfta framtidslandbruket.

Samarbeid gjennom nettverk

Bøndene som skal delta får ei grundig innføring i faget og det siste nye på kunnskapsfronten om dette driftssystemet. Deltakarane skal utfordrast til å lage gardsplanar og gjere konkrete dyrkingsforsøk. Dei skal prøva ut regenerative dyrkingsteknikkar og beiteteknikkar, og utveksle erfaringar gjennom nettverket.
Prosjektet skal utforska korleis landbruket kan bli eit viktig verktøy i kampen mot øydeleggjande klimaendringar og eit stadig større tap av naturmangfald, seier Lønning.
HGUt er ansvarleg for det faglege innhaldet. Rogaland Bonde- og Småbrukarlag er prosjekteigar. Bygdeutviklar Astrid Brommeland hjå Fylkesmannen skal ha ei aktiv koordinatorrolle i prosjektet. Deltakarane sine erfaringar skal dokumenterast i ei bokform.

Store forventningar

Satsinga har ei samla økonomisk ramme på om lag 4,7 millionar kroner over tre år. Rogaland Fylkeskommune har store forventningar til prosjektet og har løyva 630.000 kroner i tilskot til det første prosjektåret.
I tilsegnsbrevet understrekar Fylkeskommunen at matjorda i Rogaland har tre hovudtruslar; nedbygging, attgroing og utarming. Dei håper dette prosjektet kan bidra til meir kunnskap om korleis ein kan gjere jorda meir fruktbar gjennom å arbeide fram ei god jordhelse og ei berekraftig utnytting av matjorda. Det inneber ein landbrukspraksis som byggjer opp og reparerer naturlege kretslaup og som bind grønt karbon, skriv Fylkeskommunen i brevet.
Fylkeskommunen set prosjektet i samanheng med landbrukets klimaplan kor næringa har som mål å redusere utslepp av klimagass med fire til seks millionar CO2-ekvivalentar i løpet av ein tiårsperiode. Då er nettopp karbonbinding ein av dei store moglegheitene.
Prosjektet omfattar bønder med ulike bruksstorleik og produksjon over heile Rogaland.

Stikkord denne saka: ,