Takkar nei: Felleskjøpet Rogaland Agder skal velja ny styreleiar på årsmøtet i mars. Sveinung Svebestad gir frå seg klubba etter sju års teneste for det regionale samvirkeselskapet.

Takkar nei: Felleskjøpet Rogaland Agder skal velja ny styreleiar på årsmøtet i mars. Sveinung Svebestad gir frå seg klubba etter sju års teneste for det regionale samvirkeselskapet. Foto: FKRA

Svebestad på veg ut

23. januar 2026 | Aktuelt

Sveinung Svebestad tar ikkje attval som styreleiar i FKRA.

– Det er ei tid for alt, seier 65-åringen som har hatt grepet om styreklubba i det regionale samvirkeselskapet sidan 2018.

 Sjur Håland

Årsmøtet til Felleskjøpet 23. og 24. mars blir dermed det siste med Svebestad som styreleiar. Leiaren i valkomiteen til årsmøtet, Sigmund Slettebø, seier dei er i full sving med å kunna presentere ein ny leiarkandidat i god tid før årsmøtet.

– Me byrja tidleg med arbeidet i valnemnda, og har dette under rimeleg god kontroll, seier han, utan å røpa noko meir.

Svebestad har hatt tunge verv i landbruket sitt organisasjonsliv i ei årrekkje. Før han kom til FKRA, var han styreleiar i Nortura i tidsrommet 2008-2017.

– Etter så mange år med pendling til Oslo, var det godt å koma heim. Slik sett passa det jo godt å bli valt til å gjera ein jobb for FKRA.

Den avtroppande styreleiaren held fram at det er fleire grunnar til at han gir seg nå.

– Eg har vore med lenge, og det er på tide til å levera stafettpinnen vidare til andre, seier han.

Svebestad omtalar tida som styreleiar som «veldig kjekk». Mellom mykje anna har tørre og blaute vekstsesongar og galopperande straum- og råvareprisar stilt Nord-Europa sin største kraftfôrfabrikk på prøve.

– Å få vera leiar i FKRA har vore eit tillitsverv som har vore både spanande og til tider utfordrande. At FKRA kan operere som eit regionalt selskap har vore eit stort pluss for bøndene i vår region, oppsummerer han.

Samarbeidet med styret og leiinga i konsernet har heile tida vore det beste, seier Svebestad. Han svarar som ein jærbu gjerne plar svara på spørsmål om det blir stilt frå han nå, eller om han kjem til å dukke opp ein annan plass.

– Nei, nå har eg blitt så pass vaksen at eg får halda meg heime og stella med grisene mine. Så får me sjå etter kvart, ein veit jo aldri.