Terje Pundsnes

– Eg har aldri sett så dårlige plommeavlingar, fortel fruktdyrkar Terje Pundsnes, Hjelmeland, i Ryfylke.

Etter eit svært godt fruktår i fjor, sviktar avlingane i år. Fram til byrjande blomstring for steinfrukta, såg alt godt ut, men etter den tid svikta vêret totalt, seier Terje Pundsnes. Resultatet ser vi no, med så godt som tome plommehagar og ned mot 30 prosent av ei normalavling av morellar. – Me fekk likevel god setting av eple. Terje viser fram Aromaepletre som bognar av kart. – Her er det behov for sterk tynning for å få kvalitet, forklarar fruktdyrkaren.

Det store spørsmålet er om det det blir høge nok temperaturar i august / september til å få fram ei kvalitetsavling.

Ein reknar at døgnmiddeltemperaturen i perioden mai-september må ligge på ca 13 grader for å få eple med tilstrekkeleg sukkerinnhald.

Sjå video om fruktdyrkinga

 

Share This