Skablikk

Eg har sykla sykkelritt. Ikkje Nordsjørittet, eg vil ikkje meg sjølv så vondt. Ni mil med garantert motvind og overhengande fare for lokale byger er ikkje noko for meg. Eg utvandra til andre sida av fjellet. Til Austlandet, og heilt til andre sida av Riksgrensa, for høvet. Ruta gjekk frå Strömstad til Halden. 80 km på eit smalt sete. For ein fryd.

Gamlingen hadde rusta opp sykkelen min. Etter første treningstur, ei veke før rittet, innsåg eg at min trufaste Merida frå førre årtusen ikkje ville halde. Svigerinna hadde heldigvis ein sykkel på lur. Gamlingen fekk den i stand den òg. Etter tredje treningstur kunne me konstatere at eg no var klar, det var ikkje tid til meir likevel. Eg var nok den som hadde mest tru på at dette kom til å gå fint. Uvitskapen rår, og nokre gonger er det best slik.

Få dagar seinare var me på plass i Strömstad. Eg var ved godt mot. Ljos i sinnet. Kroppen var spent og klar. Eg visste det var eit godt stykke eg skulle legge bak meg, og eg visste det kom til å bli hardt. Startskotet gjekk, og eg rulla avgårde. Eg kavte meg gjennom gjørme og motbakkar i dei svenske skogar, herja asfalt ved Riksgrensa, nemte eg motbakkar og gjørme? Kvar mil sykla me gjennom ei slik passering med banner og heile pakka. Den viste kor langt eg hadde igjen, og den var nok ein smaksprøve på den forrektige passeringa. Den der det står «mål» med svære, feite bokstavar.

40 kilometer frå start, halvvegs i løypa, kom den første smellen. Servicestasjonen der dei delte ut både boller og bananer var meir enn kjærkommen, men ein ting gjekk hardt og brutalt opp for meg: Eg var ikkje komen lenger enn halvvegs. Eg hadde like langt igjen, og hadde ingen føresetnad for å vete kva som venta meg. Eg var så sliten og eg var så drita lei heile opplegget at eg visste knapt kvar eg var. Faktisk, eg visste ikkje kvar eg var. Det var ein annan ting. Eg visste eg ville heim, og eg visste eg ikkje hadde stort anna val enn å kome meg til mål.

Eg kava meg vidare. Ikkje fullt så ljos i sinnet, ikkje fullt så mykje futt i kroppen. På toppen av ein lang og sleip bakke delte dei ut cola. Eg likar cola, men det har aldri, aldri, aldri smaka så godt som då. Stien i skogen var glatt. Dei frivillige var leie av å venta, men dei heia på meg likevel. Eg visste eg var langt bak.

Eg kom meg i mål, altså. I eit stykke, utan assistanse frå blålys. Målpasseringa smakte godt. Desidert sist i min klasse, men kva gjer vel det? Mørketala er store, me veit ikkje kor mange som ikkje turte melde seg på!
JBS