HØYR!

Tenar ikkje på pinnekjøtet

5. desember 2020 | Aktuelt

Det er differansen eg reagerer på.

Pinnekjøt i butikken kostar 319 kroner kiloen, medan bonden får 50 kroner for lammekjøtet. – Det skurrar. Nå må noko gjerast, seier Ingolf Skårland.

Sjur Håland

Gardbrukaren frå Undheim i Time kommune har 100 vinterfôra sauer. Han reagerte då han nyleg såg kiloprisen på pinnekjøtet i den lokale butikken.

– Prisen på kjøtet i matbutikken er ikkje så galen i seg sjølv. Det er differansen eg reagerer på. Kor blir fortenesten av. Det er i alle fall ikkje eg som tener pengar på pinnekjøtet, seier han.

Skårland meiner å sjå at produkt av sau og lam særleg blir presentert i butikkhyllene inn mot høgtidene som jul og påske, medan forbrukarane må leita i butikkane etter dei same produkta elles i året.

– Eg blir irritert på denne praksisen, og eg blir harm når eg ser matkjedene reklamerer med at dei aldri skal gi seg i kampen om å få ned matprisane. Kor er solidariteten i dette landet, spør han.

– Det norske landbruket har gjort ein stor dugnad dette året. Til og med utan dei vanlege jordbruksforhandlingane. Dette skjer medan me ser at andre yrkesgrupper streikar eller trugar med streik for å få høgare løn, medan prisane på våre produkt stadig er under stort press. Dette heng ikkje på greip, spør du meg.

Skårland meiner det burde vore råd å driva lønsamt med sau i beitelandet Norge.

– Det går ikkje på skinner hjå nokre av oss. Eg trur ikkje ein gong dei store produsentane på flate Jæren tener pengar på sauen for tida.

– Kva er di løysing?

– Me gardbrukarar må ta kampen mot handelsstanden. Det er dei som stikk av med fortenesta samstundes med at dei har stor politisk påverknadskraft. Det trengst folkeopplysning om kor pengane blir av. Kvifor skriv aldri dei store mediehusa om dette?

– Kva ville du sagt dersom du fekk ein av desse kjedeeigarane i tale?

– Ei anna næringsverksemd har gjerne ei marginal forteneste på to til tre prosent. Kor stor avansen på produkta våre er hjå matkjedeeigarane, skulle eg likt å vite. Så ville eg fortalt vedkomande at min forteneste er tilnærma null og til tider i minus.

I tillegg til å få retta den offentlege merksemda mot det han meiner er ein urimeleg avanse for matvarekjedene, ønskjer Skårland meir offensive politikarar som er viljuge til å sjå etter moglege løysingar for å regulere produksjon.

– Me treng ein form for regulering av produksjonen av sau og lam. Kanskje det burde vore konsesjonsgrense på sau. Taket på tilskota bør reviderast. For meg er det eit tankekross at store einingar med mjølk og gris satsar stort på sau i tillegg. Denne volumauken går ut over marknadsbalansen og tappar lønsemda for oss med mindre gardsbruk, som gjerne driv med sau som einaste produksjonen. På min gard har eg ikkje nubbesjans til å konkurrera med dei som driv med sau på flate Jæren.