Digitalt: Nortura er i full gang med å lansere ei ny, digital løysing for livdyrformidling av storfe og fôringsdyr. Tilførselsområdet Agro (Agder og Rogaland) er først ut til å teste piloten, som vart lansert i slutten av oktober.

Livdyrformidlinga er ei viktig teneste for bonden. Digitalisering skal gjere tenesta enklare, både for bonden og for Nortura.

Jane Brit Sande

Kvardagen for livdyrformidlarane i Nortura er prega av telefonar, gule lappar og excel-ark. No går det mot ein lettare kvardag. Samvirkeorganisasjonen er i full gang med å lansere ei ny, digital løysing for livdyrformidling av storfe og fôringsdyr.
Tilførselsområdet Agro (Agder og Rogaland) er først ut til å teste piloten, som vart lansert førre veke. Einar Risnes, er ansvarleg for forretningsutvikling og digitalisering i Nortura.

– Ein pilot er første steg etter utviklingsarbeidet. No blir faktiske brukarar kopla på systemet, seier Risnes til Bondevennen.

Heile poenget med denne delen av arbeidet, er å finna feil som må rettast opp, seier han.

Fem dagar etter lansering av piloten, var 400 storfe meldt inn for sal eller bestilling. Det var også registrert i overkant av 20 direktesal.

Einar Risnes

– Livdyrplattformen skal også vere eit sjølvbeteningsverktøy for dei som sel livdyra sine sjølve. Med oppdatert Min Side som gjer det enkelt å melde inn og bestille dyr, registrere direktesal og få status på formidlinga i sanntid, ønsker me å gjere Min Side til det føretrekte verktøyet for livdyrformidling, seier Risnes.

– Må vere konkurransedyktige

Livdyrformidlinga er ei viktig teneste for bonden, meiner Risnes. Dette er eit første steg på vegen – ein plattform for livdyromsetnad som gjer at data om dyra flyt betre.

– Me omset fleire titals tusen dyr kvart einaste år. No kan me nytte tida til sjølve livdyrformidlinga, i staden for å flytte på papir, seier Risnes.

Tenesta er eit viktig konkurranseelement for produsentane.

– Digitaliseringa handlar også om at Nortura må vere konkurransedyktige. Kvalitet på løysing for livdyrformidling er avgjerande for kven som får vere mottakar av slakt, seier Risnes.

Må ha registera i orden

Husdyrregisteret, Kukontrollen og Storfekjøttkontrollen. Digitaliseringa av livdyrformidlinga skal gi ein betre flyt av informasjonen om dyra. Men då må bonden har registera i orden.

– Utan riktig informasjon i dei aktuelle registera, fungerer ikkje systemet, seier Risnes.

Tidlegare er registera blitt sjekka manuelt.

– Det er tungvint og tidkrevjande. No skal bonden berre tasta inn individnummeret, og så hentar systemet informasjonen automatisk, seier Risnes.

Registera er også viktige når dyr skal meldast inn til slakt.

– Bonden kan faktisk miste pengar om informasjonen ikkje er i orden, seier Risnes.

Tippekonkurranse?

Med digitaliseringa er det endeleg mogleg å følga status på sal eller ønske om kjøp av dyr.

– Dette har vore frustrerande for bøndene. Meldte ein inn livdyr for sal, så måtte ein ringa inn for å be om status. No kan bøndene berre logga inn på «Min side», og få informasjon om formidlinga, seier Risnes.

Ein annan funksjon bøndene kan få glede av i det nye verktøyet, er at dei får eit prisestimat ved bestilling og innmelding av dyr. Systemet hentar data frå kontrollane og bruker dette til å automatisk estimere prisen basert på Nortura sin modell for prisberekning. Jo betre informasjon frå kontrollane, dess mindre forskjell mellom estimat og faktisk pris.

– Kan dette bli ein morosam familiegreie? Tippekonkurranse mellom herr og fru på kva verdi eit dyr kan ha basert på vekta når dyra skal meldast inn? Eg trur det er potensial her, seier Risnes.

Share This