Medlemsmøte: Felleskjøpet Rogaland Agder gjennomfører dei tradisjonelle medlemsmøte også denne hausten, men med strenge smitteverntiltak. Foto: FKRA
Koronasituasjonen gjer at du i år må melda deg på før du reiser på medlemsmøte i Felleskjøpet Rogaland Agder.
Sjur Håland
Frå femte oktober og tre veker fram i tid arrangerast dei tradisjonelle medlemsmøta i dei ulike regionane og krinsane i FKRA sitt område. Tidlegare har dørene til dei ulike møtelokala vore vid opne. I år kan du ikkje berre droppe innom.
– Folk er minst like velkomne i år som før, men dette året må me ha førehandspåmelding frå dei som vil koma, seier administrerande direktør i FKRA, Per Harald Vabø til Bondevennen.
Stort ansvar
Årsaka til endra praksis er den pågåande koronapandemien. Vabø held fram at både bøndene og FKRA har samfunnskritiske oppgåver. Dermed er ansvaret ekstra stort.
– Då er det mellom anna naudsynt å vita namna på alle dei som kjem på førehand, seier Vabø.
Personalkonsulent Kristin Eik-Ravndal hjå FKRA er engasjert i gjennomføringa av medlemsmøta. Ho forklarer at dei må ha eit opplegg for sikker smittesporing, dersom det skulle bli naudsynt.
– Så må også den tekniske arrangøren vita kor mange som kjem for å rigga lokala i tråd med alle FHI-smittevernreglane, seier ho.
Skal vera trygt
Tryggleik er eit nøkkelord. I møta får den enkelte deltakaren sin eigen plass, og det blir oppmoda om at folk held seg på plassane sine under heile møtet. På grunn av dei strenge smitteverntiltaka blir det ikkje praktisk mogleg å ta inn folk som kjem til lokalet utan førehandspåmelding. FKRA og teknisk arrangør på staden vil gjera det dei kan for å gjennomføra møta i trygge ramar, seier Eik-Ravndal.
– Skal me få til ei sikker gjennomføring av medlemsmøta, er me heilt avhengig av samarbeidet med møtedeltakarane. Det betyr at dei mellom anna held god avstand og at dei ikkje møter opp dersom dei har hoste eller andre symptom på luftvegsinfeksjon.
Per Harald Vabø
Kristin Eik-Ravndal
Påmelding skjer til FKRA som vidareformidlar namna til den tekniske arrangøren i gjeldande krins.
Medlemsdemokrati
– Kvifor ikkje heller arrangert digitale medlemsmøte i år?
– Møteserien på hausten har alltid vore i viktige for å ivareta medlemsdemokratiet i organisasjonen. Det handlar om orientering om drifta og om å skapa engasjement og eigarskapskjensle gjennom direkte dialog i sjølve møtet, men også meir konkret om at det skal veljast årsmøteutsendingar frå dei ulike krinsane, seier Vabø.
Han understrekar at det til levande medlemsdemokrati også høyrer med moglegheit for medlemmane å koma med benkeforslag på utsendingar til årsmøtet.
– Dette får me vanskeleg til digitalt. Difor prøver me så langt me kan å gjennomføra fysiske medlemsmøte.
Skulle det i tida fram mot møtestart oppstå lokale smitteutbrot, er FKRA innstilt på å snu på hælen og gjennomføra digitale møte i dei krinsane det måtte gjelda.