
Stinn brakke: Frå Varhaugmøte 2024. Bjørn Gimming bak talarstolen.
Valåret pregar måndagens Varhaugmøte
– Me er inne i ei viktig tid for landbruket. Med dagens regjering har bøndene vunne nokre sigrar, nå blir det viktig å få røykje ut kva dei ulike partia vil med landbruket vidare, seier leiar i Søre-Hå Bondelag, Anders Braut Ueland.
Sjur Håland
Arrangørane ventar storinnrykk av bønder og andre interesserte komande måndag, 27. januar kl. 19,00. Under taket i den romslege idrettshallen på Varhaug blir tema for årets møte valåret og korleis økonomien i landbruket blir dei neste fire åra. Ein tjuvstart på valkampen, med andre ord.
– Her kan den enkelte tilhøyrar få danna seg eit bilete av kva dei ulike politiske partia faktisk vil med landbruket i Rogaland og i landet elles dei neste fire åra. Dette er utruleg viktige avklaringar for både bønder og tilhøyrande næringsliv, seier Braut Ueland.
Politikarane:
I tillegg til statsråd Geir Pollestad (Sp), kjem Solveig Vitanza (Ap), Jonas Andersen Sayed (KrF), Ingrid Fiskaa (SV), Margret Hagerup (H) og Pål Morten Borgli (FrP) til møtet.
– Dette panelet skulle borga for frisk diskusjon og avklaringar, nett slik me vil ha det, meiner lokallagsleiaren.

Anders Braut Ueland
Gimming og Bjorland
Han presiserer at også leiaren i Norges Bondelag, Bjørn Gimming og ordføraren i Hå kommune, Andreas Bjorland, er blant møtedeltakarane som blir å høyra bak mikrofonen. Det heile skal syast saman av politisk redaktør i Stavanger Aftenblad, Harald Birkevold.
Arrangørane er dei tre bondelaga i Hå kommune, SpareBank1 Sør-Norge og Hå kommune.