Spent bakteppe: Årsmøtet i Rogaland Bondelag 7.-8.mars ber preg av ein turbulent  og raskt skiftande situasjon i omverda. Behovet for auka beredskap var gjennomgåande i fylkesleiar Ståle Hustoft sine tale.

Spent bakteppe: Årsmøtet i Rogaland Bondelag 7.-8. mars ber preg av ein turbulent og raskt skiftande situasjon i omverda. Behovet for auka beredskap var gjennomgåande i fylkesleiar Ståle Hustoft sine tale.

– Valet 2025 blir eit verdival for beredskap og sjølvforsyning

8. mars 2025 | Aktuelt

Alvoret i verdssituasjonen er ikkje tapt på årsmøtet i Rogaland Bondelag.
– Nå går det opp for folk kva beredskap handlar om, sa Ståle Hustoft i leiars tale.

Bothild Å. Nordsletten

Utsendingane til årsmøtet i Rogaland Bondelag 2025 verkar samde om det meste. Eventuelt har dei tatt til seg signalet frå sentralleiinga, som gjennom Nationen har mana til samhald og «innestemme». Eventuelt har dei ganske roen’ med korleis ting er. Ingen utanfor flokken som kan utfordra roen, sei liberale politikarar, utbyggingsivrige næringsforeiningar, naturvernaktørar eller sivilforsvar, er heller invitert. Generaldebatten på Sola strand hotell på Jæren er engasjert, men utan kontroversar. Ja, sjølv det faktum at mindre enn ti av dei 120 påmeldte rekk handa i veret på spørsmål om kor mange som tener pengar på drifta si, vekkjer ikkje meir enn spreidd humring.

Særleg sterk verkar semja om behovet for auka sjølvforsyning. Sterk tykkjest også viljen til å bidra til auka matproduksjon å vera – gitt at styresmaktene set bøndene i stand til å levera på oppdraget, vel og merka.

For det er alvor nå. Tonen blir sett alt i det Jan Idar Haugen opnar møtet med eit døgnferskt sitat frå Jonas Gahr Støre. Statsministeren hevdar at Noreg nå står i den mest alvorlege tryggingspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig.

Bakgrunnen er naturlegvis dei siste vekers internasjonale høgdrama med pågåande krig i Ukraina og Midt-Austen, samt ein amerikansk president som har gått langt i å riva opp den etablerte tryggings- og handelspolitiske ordenen.

Årsmøteutsendingane tar opp talgrunnlag, soneinndeling og frådelingsproblematikk i generaldebatten – dei forholda som, så langt, påverkar direkte i kvardagen.

Men store delar av årsmøtets første dag blir krinsande rundt beredskap og sjølvforsyning.

«Fram til no har det vore klima, miljø, kosthald og berekraft som gjaldt. Nå har fokuset snudd.»

Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag

Frå berekraft til beredskap

– Nå går det opp for folk kva beredskap handlar om, seier fylkesleiar Ståle Hustoft.

Han talar framfor eit lysark med bilete av Trump og Putin som gir kvarandre neven.

– Fokuset i samfunnet har endra seg enormt. Bondelaget har snakka om beredskap lenge, men bodskapen har ikkje slått gjennom. Fram til no har det vore klima, miljø, kosthald og berekraft som gjaldt. Nå har fokuset snudd – nå handlar alle debattar om sjølvforsyning og beredskap. Det er eit sunt fokus, seier Hustoft.

Fylkesleiaren forsikrar om at Rogalandsbøndene skal levera.

– Det er vår oppgåve å levera på politikarane sine prioriteringar. Dette er vår utfordring, og vår moglegheit, seier han.

– Men me må gjerast i stand til å levera den sjølvforsyninga og beredskapen, held han fram.

I så måte meiner Hustoft at stortingsvalet til hausten blir viktig. For sjølv om alle parti er interessert i jordbrukspolitikk, ifølgje fylkesleiaren, så vil dei ulike ting. Bondelaget står på for å påverka partia i det dei skriv programma sine, seier han.

– Valet 2025 blir eit verdival for beredskap og sjølvforsyning. Mellom, på den eine sida, kortsiktig personleg vinst, altså skattelette, slik høgre-sida gjerne snakkar om. Og mat og beredskap, på den andre.

«Me må sikra vår eigen beredskap før me kan levera på samfunnsberedskap.»

Ståle Hustoft, leiar i Rogaland Bondelag

Hustoft er samstundes uroa for beredskapssituasjonen i eiga næring.

– Det er flaut, seier han.

Som døme visar han til eit nyleg stort straumbrot i Trøndelag, der overrumpla lokale bønder raskt måtte kontakta styresmaktene for hjelp. Og same morgon før dette årsmøtet i Rogaland har eit brot på ein vassleidning også skapt utfordringar på Jæren.

– Det er vanskeleg å snakka beredskap når me sjølv er så svakt stilte i landbruket. Straum til mjølkeroboten, kraftfôr…Me må sikra vår eigen beredskap før me kan levera på samfunnsberedskap.

Landbruk = beredskap

Bodil Fjelltveit, nestleiar i Noregs Bondelag på besøk i sørvest, har også merka seg det at tonen rundt landbruket har endra seg på berre veker.

– Me blir påverka av verda der ute. Eg vil ikkje bidra til unødvendig frykt, men det ér ein del tema som også påverkar norsk landbruk, seier ho.

Ho peiker på krigen i Ukraina, president Trumps luner, klima, utsiktene til ein ny EU-debatt – og det faktum at jordbruket midt i det heile er ei svært så politisk næring.

– Men landbruk er beredskap. Det er den viktigaste meldinga denne våren, slår ho fast.

«Landbruk er beredskap. Det er den viktigaste meldinga denne våren.»

Bodil Fjelltveit, nestleiar i Noregs Bondelag

Og skal bøndene klara å levera på målet om auka sjølvforsyning, er meldinga hennar til rogalandsbøndene like klar.

– Høgre og andre parti på den sida vil omfordela midlar vekk frå husdyrproduksjonane for å styrke andre produksjonar. Det vil ikkje Bondelaget.

Bodil Fjelltveit

Bodil Fjelltveit, nestleiar i Noregs Bondelag

Minner om tillit og openheit

Landbruksdirektøren hjå Statsforvaltaren i fylket, Monica Dahlmo, nyttar også mykje av taletida på beredskap. Det er det einaste området der statsforvaltaren fekk auka midlar ved siste budsjettrunde, fortel ho – eit satsingsområde. To nye byråkratar er tilsett på feltet.

Dahlmo meiner det er til gunst for bøndene i Rogaland at resten av landet nå snakkar om forsynings- og matsikkerheit. Ho manar til tillit og meir openheit i debatten framover.

Monica Dahlmo

Monica Dahlmo, landbruksdirektør i Rogaland

– Me er avhengig av tillit mellom folk, politikarar og byråkratiet, anten det gjeld jordskred, flaum eller andre ting. Me må vera opne og tora å snakka også om dei vanskelege tinga.

«Alle her har vel aggregat?»

Monica Dahlmo, landbruksdirektør i Rogaland

Landbruksdirektøren stiller sjølv spørsmål ved om me er godt nok budde. 13 prosent av den alt knappe norske matjorda er ute av drift. Og kva med dyresjukdommar? Afrikansk svinepest og munn- og klauvsjuke er verste scenario, seier ho, og let uvissa henge i lufta.

– Og alle her har vel aggregat, spør ho.

Salen ristar på hovudet.

Dahlmo oppmodar til å bruka beredskapsplanen på eigen gard, og slår fast:

– Den viktigaste beredskapen er den løpande produksjonen. Og uansett kva Trump gjer – me må vera budd på dyresjukdommar, straumbrot og brann.

Stikkord denne saka: