– Bruk velferdsordningane
Nokre velferdsordningar blir mindre brukt enn andre. – Det beste vern av velferdsordningane, for at dei skal vere og for at dei skal bli betre, er å bruke dei, seier rekneskapsførar Irene Time Grødem.
Nokre velferdsordningar blir mindre brukt enn andre. – Det beste vern av velferdsordningane, for at dei skal vere og for at dei skal bli betre, er å bruke dei, seier rekneskapsførar Irene Time Grødem.
Skal inntektsgapet tettast treng vi politisk vilje til å gjere dei endringane som må til for at ei inntektsauke blir verande hjå den aktive bonden, meiner Anders Felde. – Vi treng meir politikk i landbrukspolitikken, seier han.
– Ikkje for ein kvar pris, seier Halvard Bøe (24). Den komande bonden vil ikkje inn i eit yrke som krev at han må henta inntekt utanom for å greia komande investeringar og unngå å bli minstepensjonist.
Flekkefjord Bondelag er uroa for arbeidsmengda til dei nyetablerte bøndene i kommunen. No ventar dei inntektsvekst i årets jordbruksoppgjer, sa dei til Bondelagsdelegasjonen frå sentralt hald.
– Eg skal ikkje bli ein del av inventaret, sa Anders Felde då han takka nei til attval som leiar i Vestland Bondelag. No vil vestlendingane sjå han til topps i Bondelaget. Felde takkar for tilliten – og takkar ja om valnemnda vil snakke med han.
Gry Ingvild Agjeld fekk ståande applaus då ho vart einstemmig vald som ny leiar i Vestland Bondelag førre veke.
Medan søyene går lamtunge i fjøset, samla sauebøndene i Rogaland seg til fagmøte for å spisse forma før lemminga snur opp ned på kvardagsrutinane.
Husdyrgjødsla skal snart ut på åker og eng, og freistinga til å peisa på med store mengder vassblanda gjødsel om våren, er absolutt til stades. Det er ikkje sikkert det er så lurt.