HØYR!

Aldri klimavenleg med storfe?

feb 7, 2020

Men så får me slengt på oss at me er klimaverstingar, berre fordi me har storfe.

– Noko skjedde då Erna Solberg første gong snakka om kua som rapa. Alt blei liksom litt mørkare, seier Kristin Skranefjell Eikeland.

Liv Kristin Sola

Førre fredag lanserte Miljødirektoratet Klimakur 2030, eit dokument med rundt seksti konkrete forslag til klimakutt. Mindre raudt kjøt er trekt fram som eit viktig tiltak.

– Alle bønder er sjølvsagt opptatt av klima, sjølv om me kan bli lei av klimaprat. Eit endra klima går ut over både agronomi og økonomi og økologi, seier Eikeland, som driv med mjølk og kjøt på Bjelland på Agder.

Ho minner om at bonden tek val kvar dag. I alle val ligg det i bakhovudet at klimaavtrykket må ned.

– Men så får me slengt på oss at me er klimaverstingar, berre fordi me har storfe. Då blir det litt håplaust, seier Eikeland.

Ho meiner det har utvikla seg ein kultur der påstandar som blir sett på trykk får stå uimotsagt. Over tid, blir dei etablert som sanning, utan at dei nødvendigvis er sanne.

– Det er problematisk, seier Eikeland.

At kua er ein klimaversting er ein slik påstand. Det same er påstanden om at bønder ikkje er dyktige agronomar, eller at det er positivt for klima at bønder avviklar og sluttar å drive jord og beiter.

– Til slutt blir dette sagt så ofte, og i så mange samanhengar, at det blir sant, seier Eikeland.

Ho ønsker Bondelaget kunne vore meir aktive og gå imot slike påstandar og stille kritiske spørsmål.

– Me treng folk som er på og problematiserer slike påstandar før dei får etablere seg som sanning, seier Eikeland.

Ho trur næringa kunne vore tente med meir dokumentasjon å slå i bordet med, både i forhold til avling og klimatiltak. Ein klimakalkulator på gardsnivå er under utvikling, men lar vente på seg.

– Det blir mykje snakk, seier Eikeland.

– Kva med forslag om avgift på raudt kjøt som er føreslått ved fleire høve?

– Det blir heilt feil, seier Eikeland.

Ho fryktar at ei avgift vil auke importen, og kjenner litt på avmakt overfor det som skjer.

– Import råkar ikkje vårt klimarekneskap. Me kjøper oss fri og lar andre ta klimakostnadane, seier ho.

– Den største konsekvensen av ei avgift på raudt kjøt er svakare økonomi for bonden, færre bønder og at landet blir mindre sjølvforsynt med mat. Det er stikk i strid med det stortinget ønsker. Staten har skrive under ein avtale i FN om å redusere utslepp, utan at det går ut over matproduksjonen. Derfor er dette så rart, seier Eikeland.

– Korleis få politikarane til å forstå konsekvensane av eigen politikk?

– Eg trur dette er ønska politikk frå høyresida – som eit ledd i arbeidet med at landbruket skal klare seg sjølv, at også matproduksjonen skal vere marknadsstyrt. Det er ikkje stortinget sin politikk.

Share This