HØYR!

Ber bøndene om å halda i lag

20. desember 2019

Utspela mot landbruket er ofte overspelt for å få mediemerksemd

Landbruksnæringa vil møta mange utfordringar også i året som kjem. – Hald i lag, er rådet til bøndene frå ein av veteranane i landbrukssamvirket.

Sjur Håland

Inge Haugland har vore ute ei vinternatt før. Han dreiv heimebruket på Haugland i Time i åra 1967-2001. Det blir sagt at 81-åringen er ein av bøndene som har hatt flest tillitsverv i norske faglag og samvirkeorganisasjonar. Haugland var mellom mykje anna leiar i Rogaland Bondelag i tida 1987-1992. Bonden les avisene med skarpt blikk og følgjer nøye med på det som skjer i næringa og i samfunnet elles.

Haugland held fram at siste tida har vore prega av ein landbrukspolitikk som ikkje prioriterer landbruket, slik landbruket har vore vane med og rekna med.

– I landbrukspolitikken har det dei siste åra ikkje alltid vore jakta etter å finna løysingar som samsvarar med landbruket sine prioriteringar og behov. Døme på det kan vera konsesjonsgrenser som har blitt auka trass i at det alt har vore full dekning i marknaden. Ei anna sak kan vera auka import av varer me produserer i Norge. Før arbeidde landbruket saman med dei sentrale politikarane, blant anna for å finna dei beste løysingane for å oppretthalda eit landbruk i heile landet, slik stortinget har førespegla.

Haugland peikar på vedtaket om nedlegging av pelsdyrnæringa som eit av døma på det som har gått svært galt.

– Dette er heilt urimeleg, særleg sett i høve til at næringa berre eitt år før forbodet fekk garantiar frå fleirtalet i stortinget om at næringa kunne halda fram, seier han, og synar også til regjeringa si uvilje mot å ordna opp for seg økonomisk.

Dagsorden endrar seg fort.

– Mange av utspela som kjem nå, og som landbruket må førehalda seg til, som Stordalen sin Eat-rapport, berer preg av å koma frå folk og grupper som ikkje er vane med, eller kjenner det praktiske livet. Om denne typen utspel skulle få innpass, vil det vera den største trugselen for landbruket. Eg trur at fornufta vil sigra til slutt. Utspela mot landbruket er ofte overspelt for å få mediemerksemd, seier han.

Ei av dei andre store utfordringane handlar, i følgje Haugland, om kjedemakta.

– Kjem me i same situasjonen i dei andre produksjonane som grøntmarknaden og delvis fjørfe og egg har opplevd, mistar landbruket kontrollen med produksjonsreguleringa. Det er eit ganske skremmande scenario.

Der er viktig at landbruket er ope for å gi samfunnet kunnskap om livet på garden, seier Haugland. Han understrekar at han ser positivt på næringa sine moglegheiter i året og åra som kjem.

– Eg har absolutt tru på at me skal finna løysingar for framtida, seier han.