HØYR!

Ber bøndene tenkja seg om

30. oktober 2020

Det er for få bønder som får besøk av folk som minner dei om å passa på seg sjølv

– Kvifor går det bra med deg? Kvifor har ikkje du vore utsett for ulukker på jobb?, spør Kolbjørn Taklo. Han ber bøndene tenkja seg om.

Sjur Håland

Sterke filmsnuttar frå Arbeidstilsynet som oppmodar til bruk av setebeltet i traktoren er nyleg lansert på Facebook. Samstundes med denne kampanjen tek Norges Bondelag nye HMS-grep og signaliserer gjennom sitt nye næringspolitiske program for 2020-2024 eit mål om færre ulukker og ingen dødsulukker.

– Eg fryktar beltekampanjen vil verka ei stund og at det for mange deretter er tilbake til kvardagen utan belte, seier Taklo.

Han er fagleiar HMS hjå Norsk Landbruksrådgiving Vest og har arbeidd med tryggleiksspørsmål knytt til landbruket i nær 25 år.

– Ulukkesstatistikken svingar, men me har gjennomgåande for mange ulukker trass alt arbeidet som har blitt gjort, seier han.

Marginar er eit viktig omgrep for Taklo.

– Gardsarbeidet blir gjort når det må gjerast. Du må harva og så natta før regnet kjem. Oftast går det bra, andre gonger går det riv ruskande galt, seier han.

Fagleiaren erfarer at det gjerne er i dei tilfella der bonden kjenner seg ferdig opplærd at det kan gå galt.

– Du kan gå over betongsiloen på ein 25 centimeter brei planke i 25 år. Det går bra kvar einaste gong. Fell du det 26. året så ned fem meter, hjelper ikkje dei 25 åra med erfaring, illustrerer han.

«Dette er så farleg at du ikkje får gjera det. Eg skal gjera det sjølv», er ikkje framande omgrep for Taklo.

– Mange har med andre ord god tru på eigne ferdigheiter og krefter, og ønskjer ikkje at andre skal gjera det som er farleg. Underforstått veit bonden at arbeidet er farleg.

Enkelte tenkjer, i følgje Taklo, at det er berre å køyra på utan å vurdere risiko.

– Landbruket manglar nok eit system for å fange opp farevarsla. Det er for få bønder som får besøk av folk som minner dei om å passa på seg sjølv.

 Når han er ute på gardsbesøk spør han alltid om dei kan hugsa om noko har skore seg i høve til planen siste året.

– Det gjer eg for å få bonden til å tenkja at «dette var tankelaust» eller «dette skulle eg ikkje ha gjort.

– Er det nokon du vil kalla for verstingar når det gjeld HMS i landbruket?

– Det er umogleg å seia. Ein rapport frå Ruralis konkluderer med at ulukker i landbruket kan skje kva tid som helst, kor som helst og med kven som helst. Mykje kan likevel gjerast med god styring av faktorane, seier Taklo.

– Det handlar om å leggje opp arbeidet med tanke på at det skal gå bra. Regelmessige måltid, nok fritid og svevn er faktorar som bidreg i rett leid. Me må hugsa at me berre er menneske.