HØYR!

Det er ikkje millionane det kjem an på

19. november 2021

Foto: Jofrid Åsland

Det er ikkje millionane som avgjer kor godt Mattilsynet fungerer.

 

Bonde Bjørn Egil Friestad reagerer på Bondevennens oppmoding om å styrka Mattilsynet.

Jane Brit Sande

Bonde Bjørn Egil Friestad frå Brusand i Hå, var ikkje nøgd etter å ha lese Bondevennen sin leiar «Ikkje til å tru» 5. november. Teksten handla om Mattilsynet som grunna manglande økonomi ikkje kan følgja opp dårlege dyrehald.

– Eg synest dette var vel drygt, seier Friestad.

– Leiaren får det til å framstå som at alle me husdyrbønder mishandlar dyra våre. Slik er det beint fram ikkje, slår han fast.

Han fryktar for korleis utanforståande frå landbruket kan tolka teksten.

– Dei kan tru det er gjengs praksis med dårleg dyrehald, og det er heilt feil, seier han.

Friestad nektar ikkje for at tilfelle med dårleg husdyrhald førekommer.

– Det er synd som berre juling med dei tilfella der bonden ikkje har tatt seg av dyra, seier bonden.

Men det handlar ikkje om vond vilje, seier Friestad.

– Nokon gonger er livet berre vanskeleg, eller det er psykisk sjukdom i biletet. Økonomien er også utfordrande for mange. Kostnadsnivået er skyhøgt, og inntektene strever med å halde følgje. Dette gjer at mange bønder slit. Eg seier ikkje at dette er ei unnskyldning, men det er ein årsak. Dei vonde tilfella gjeld berre ein promilledel av alle bønder, understrekar han.

Friestad reagerer på at Bondevennen tar til orde for at det må løyvast meir pengar til tilsynet.

– Det er ikkje millionane som avgjer kor godt Mattilsynet fungerer, seier han.

Bonden er overtydd om at det heller er personavhengig.

– Mattilsynet må ha folk som passar til å gå på tilsyn. Dei må ha erfaring med landbruk og husdyr, og evne til å handtera dei folka dei møter. Dette er avgjerande for korleis tilsynet går føre seg, seier han.

Men eit godt tilsyn er ikkje berre Mattilsynet sitt ansvar.

– Me bønder har også ansvar. Nokon bønder har bestemt seg frå starten, at dette blir ringt. Då er det dømt til å mislukkast, seier Friestad.

Bonden seier at Mattilsynet har ein stor jobb framføre seg, når dei skal retta opp tillitsforholdet med landbruket.

– Særleg her på Jæren. Det har vore mykje sjau, seier han.

– Det har vore for mykje merksemd retta mot bagatellar. Slikt som lysarmaturar, og andre småting. Det øydelegg stemninga.

Friestad reagerer også på at det i Bv-leiaren står at Mattilsynet må koma på føtene for å sikra renommeet til landbruket.

– Dette må me klare sjølve. Mattilsynet kan ikkje klare dette. Det bør vere tillit og legitimitet nok hjå husdyrbøndene, seier bonden.