HØYR!

– Dette går ikkje i hop

14. januar 2022 | Dessutan

Driv du med husdyrproduksjon, kan du ikkje berre kutta straumen

Kostnadsgaloppen held fram. Om rekningane har vore heftige fram til no, blir det ikkje lettare med det første, meiner Selmer Wathne.

Sjur Håland

– Det er midt på vinteren. Kraftbehovet blir berre større dei komande månadane. Det er nå framover me verkeleg får kjenna konsekvensane av dei høge energikostnadane, seier han.

Wathne er rekneskapsførar. Han sit med rekneskapstala i fanget midt i hjarta av norsk matproduksjon og kjenner landbruket på pulsen. Hjå Jæren Rekneskapslag er samtaletema i lunsjpausen gitt. Kostnadsveksten i landbruket bekymrar.

– Med den negative kostnadsutviklinga som har vore, går det ikkje rundt utan tiltak som verkeleg monnar. Me snakkar om ein kostnadsgalopp me ikkje har sett maken til før. Dette går ikkje i hop.

Det er ikkje berre rekneskapsførarane som er uroa. Wathne er jamleg i kontakt med kundane sine.

– Enkelte har fått godt over dobbelt så store straumrekningar. Om dei kanskje enda ikkje er heilt oppgitte, er dei sterkt bekymra over den økonomiske stoda og den negative utviklinga på kostnadssida.

Wathne seier at gris- og kyllingprodusentane, saman med veksthusnæringa, blir ekstra skadelidande av den store kostnadsauken på elektrisitet og gass. Han fortel om gartnarar som sit på vippen og vurderer om dei skal vera med vidare eller skru av lys og varme i veksthusa. Kompensasjonen frå staten som slår inn dei komande månadane vil hjelpa på. Men langt frå nok, meiner han.

– Norges Bondelag har gått ut og sagt at kompensasjonsordninga ikkje er god nok og må styrkast. Det har dei rett i.

– Er det i det heile noko bøndene kan gjera?

– Ikkje på kort sikt, dessverre. Driv du med husdyrproduksjon, kan du ikkje berre kutta straumen.

Neste månad kjem tilskota inn på konto.

– For mange er februar den einaste månaden i året der det kjem meir pengar inn enn kva som skal ut. Vårt klare råd er at du skaffar deg ein fullstendig oversikt over resultata for 2021 før du bestemmer deg for korleis du disponerer tilskotsmidla. 2021 låg an til å bli eit godt år, men det var før kostnadsauken slo inn.

Når 2021-oversikten ligg føre, bør du vurdera kva endringar som kan og bør gjerast.

– Marginane har blitt mindre. Ta ein runde med banken, rekneskapsføraren og andre for å få oversikt og eit godt grunnlag for å gjera dei kloke avgjerslene. Den økonomiske situasjonen er ulik frå bruk til bruk. Medan nokre kan unna seg ein maskinhandel før våronna, gjer andre lurast i å venta. Sjå kva du har behov for og ha i mente at det er fort gjort å hamna i likviditetstrøbbel. Me veit ikkje korleis kostnadsutviklinga blir framover.