
God betring:Frå midten av 1990-talet gjekk bruken av antibiotika kraftig ned i Noreg. Illustrasjonsfoto frå fjøset til Elbjørg og Nils Melbøe i Sandnes, Bv 14 i 1998.
MOLDROK:
Ei kort historie om antibiotika i mjølkeproduksjonen
Kva er det som gjer at antibiotikabruken i norsk mjølkeproduksjon er så låg? Og vil bruken av antibiotika halda seg låg også i framtida?
Eirik Magnus Fuglestad, forskar ved Ruralis og bonde i Bjerkreim
La oss sjå føre oss ein bonde på eit lite bruk ein gong på 1950-talet. Han har neppe meir enn eit par kyr – maks fire- fem. Fleire kyr treng han ikkje, for han er «to-kyrs industriarbeidar» som forfattar Andreas Hompland ein gong formulerte det.
Det er ein kald vintermorgon ute, men i det vesle fjøset er lun varme frå kyrne som står bundne på båsar under eit lågt tak. I handa har bonden ei sprøyte med penicillin – eit antibiotikum – som han skal setja i juret på gamlekua si, ho Dagros. Kua har nemleg fått mastitt, eller jurbetennelse; ein sjukdom som øydelegg jura og mjølka frå kua, og ein sjukdom som mjølkebøndene i generasjonane før har slite med. Vår bonde derimot, kan enkelt kurera sjukdommen med den nye mirakelmedisinen som antibiotika representerer.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.