HØYR!

Einaste måten å påverka

21. januar 2022 | Dessutan

Det er viktigare enn nokon gong at alle bønder engasjerer seg.

Førebuingane til årets jordbruksforhandlingar er sparka i gong. – Studieringane er den einaste måten å påverka inn mot forhandlingane, seier Bodhild Fjelltveit.

Jane Brit Sande

– Det er nok ikkje første gongen me seier dette, men: I år er det viktigare enn nokon gong at alle bønder engasjerer seg, seier Bodhild Fjelltveit til Bondevennen.

Ho er 2. nestleiar, og medlem i forhandlingsutvalet i Norges Bondelag.

– Det er viktig med gode og tydelege innspel frå grasrota. Det gir ein tryggleik i arbeidet me i forhandlingsutvalet skal gjere, seier nestleiaren.

Arbeidet i studieringane har alt starta i fleire lokallag.

– Dette er den einaste måten bondelagsmedlemmane kan påverke inn mot jordbruksforhandlingane, seier Fjelltveit.

Ei tetting av inntektsgapet i løpet av inneverande stortingsperiode er høgt oppe på prioriteringslista, frå både Bondelaget og regjeringa.

– Me treng innspel på korleis dette målet skal nås. Det er store ulikheiter i landet, og innspela frå lokallaga er Bondelaget sin temperaturmålar ut til områda, seier Fjelltveit.

I fjor var ho med og gjekk gjennom innspela frå lokallaga og frå 49 ulike organisasjonar i landbruket. Fjelltveit er klar for oppdraget i år også.

– Alle innspela blir leste. Medlemmane vil forhåpentlegvis kjenna noko att i kravet inn til forhandlingane. Arbeidet med sone 5-7 er eit døme på arbeid som har bakgrunn i aktivitet og innspel frå lokallaga, seier ho.

Enkelte tilskotsordningar har ulike satsar for ulike delar av landet (distriktsdifferensiering). Landet er derfor delt inn i soner. Sone 5-7 er dei sonene med høgast distriktsprofil.

Bondelaget har også i år utarbeidd eit studiehefte til å nytta som verktøy i arbeidet i lokallaga. I år har dei gjort nokon endringar.

– Blant anna er det meir rom for fritekst og nye forslag. Det har mange sakna, seier Fjelltveit.

Det er stor variasjon i lokallaga på engasjementet i studieringane. Nokon lokallag har delt medlemmane inn i fleire grupper, medan det i andre lokallag berre er styret som gjer jobben.

– Korleis kan lokallaga og studieringane få gang på engasjementet og diskusjonane?

– Jobb systematisk gjennom studieheftet, gjerne over fleire samlingar. Nokre lokallag klemmer gjennom heile arbeidet på ein kveld, men det fordrar at medlemmane er godt førebudd og har sterke meiningar, seier Fjelltveit.

– Litt kaffi i koppen og godt på fatet er alltid velkome hjå travle bønder. Men hugs at reglane for smittevern må følgast!