MI MEINING

Får ikkje hylleplass til lammekjøtet

Lise Vistnes

Me kastar oss ut av komfortsona og krummar ryggen vidare.

– Me har eit unikt produkt av sau og lam, men stangar for tida mot veggen i høve til sal og distribusjon, seier bonde Lise Vistnes frå Årdal i Ryfylke.

Sjur Håland

Vistnes og 38 bondekollegar etablerte i 2017 samvirkeføretaket Fjellam frå Ryfylke. Målet er å auke produktmangfaldet og å tilby forbrukarane det medlemmane meiner er eit unikt kjøtprodukt frå Ryfylkeheiane. Det har ikkje vore lett.

– Å få innpass i butikkjedene via slakteria våre har synt seg langt vanskelegare enn me hadde trudd. Tilbakemeldingane går på at dei med dagens marknadssituasjon ikkje har høve til å ta ut meirpris for vårt lammekjøt, seier ho.

Sauebøndene var godt i gang, og er skuffa over motbøren. Men dei har langt frå gitt opp.

– Slett ikkje. Men akkurat no er status at me er 39 medlemmar med masse lam å selja. Me kastar oss ut av komfortsona og krummar ryggen vidare.

Det betyr at Fjellam frå Ryfylke nå må satsa på å selja heile eller heile oppdelte skrottar.

– Dermed blir kundegrunnlaget noko avgrensa. Me rettar merksemda for fullt med Fjellam frå Ryfylke inn mot restaurantmarknaden og storkjøkkenhushalda. At kokkar og andre er svært positive til produkta våre er trass alt oppmuntrande.

– Men de når ikkje ut til privatkundane?

– Nei, men me kan sjølvsagt selja heile eller heile oppdelte lam til private, men det er innlysande at den gruppa ikkje er særleg stor.

– Det er Nortura og Fatland som slaktar for dykk. Er det aktuelt å skjera, pakka og selja sjølv?

– Det vil krevja investeringar og andre ressursar langt over det vårt samvirkeselskap har evne til no. Utgangspunktet er at me er ein gjeng bønder som har organisert oss for å få marknadsført og selt eit produkt til butikkane me meiner er unikt.

– Korleis stakar de ut den vidare kursen?

– Nå er me på plan B og kjører for fullt mot aktuelle kundar. Direktesal krev ein god del logistikk. Mange ting skal på plass, medan me skal læra undervegs. I tillegg skal me byggja organisasjonen vidare og delta på messer og festivalar.

– Kva er det som driv dykk?

– Eigarane av Fjellam frå Ryfylke har eit sterkt ynskje å ta vare på heietradisjonane og ressursane som følgjer med. Då må me operera motstraums i ein marknad der prisane på lam fell utover hausten. Heielamma våre kjem tapande ut i den prisløypa, samstundes med at dette er blant det beste kjøtet du kan få. Me er overtydde om at forbrukarane vil betala for denne kvaliteten om me berre når fram til dei.

Share This