KJØKKENHAGEN

Ferdig med våronna!

Grønkål, knutekål og brokkoli planta eg ut alt i midten av april. (Foto: Jan Inge Haga)

Grønsaker og sommarblomar er planta ut. Dei fyrste vekene i mai er alltid dei travlaste i kjøkkenhagen. Nå skal eg fortelja kva grønsaker eg dyrkar i år, og kvifor:

Tre sortar grønkål: Svartkål (også kalla palmekål), den russiske «Ragged Jack», som ser ut som store eikeblad med lilla bladnerver, og den afrikanske «Sukuma Wiki». Dei to sistnemnde er dei som er best å eta rå, særleg unge blad. Gni dei inn med litt god olivenolje og sitron (så blir dei endå mjukare), ha i tynne appelsinskiver, pære og valnøtter. Meir mettande: Saman med raude kidneybønner og avocado. Den vanlege norske, krusete grønkålen, krev langt meir tygging – eg tykkjer den eignar seg best kokt i stuingar og supper.

Grønkål er ein fantastisk grønsak! Vakker/dekorativ, herdig (toler frost), leverer store mengder mat frå midt på sommaren til langt utpå vinteren (plukk dei nedste blada, nye veks ut, gjenta).

Spisskål «Early Jersey Wakefield»: Rask sort, fin å sjå på, god smak.

Knutekål «Wiener Blue»: Fordi den ser så kul ut! Fordi dei ikkje sel lilla knutekål i matbutikkar flest og fordi den skal vera god å knaska i seg rå (har faktisk aldri prøvd).

Brokkoli og brokkolini: Ungane i gata er glade i å knaska på unge brokkoliskot, så då må brokkolini vera endå betre. Italienarane pleier å forvella dei kjapt og servera dei med små typar pasta. Over heller dei kvitlauk, chili og nokre brødsmular frest i god olje. Ofte slenger dei i nokre ansjos også.

Bondebønner: Går fint å stikka bønnene rett i jorda nå.

Raudbeter: Så gøy å dyrka! Fine raude og raud-grøne blad, raude stilkar og rosa røter på småplantene! Viktigast: Kjempegodt med ferske raudbeter: Det var mest ikkje til å tru fyrste gongen eg smaka det. Godt til mykje meir enn sylting: I råkostsalat (raspa, gjerne blanda med appelsinsaft), omnsbakte, i supper. Problemfrie er dei også: Har aldri hatt sjukdomar eller skadedyr av noko slag på raudbetene. Kan både forkultiverast eller sås rett ut i mai.

Stilkselleri og sellerirot: Går jo ikkje an å laga supper utan! Sellerirot er dessutan super omnsbakt og i mos (gjerne saman med jordeple).

Lauk: Den mest brukte grønsaken i verda, og det er ikkje utan grunn! Set god smak på mest alle middags- og supperettar. Går som ein leik å dyrka: Putt ned settelauk (la den spisse tuppen stikka opp), og vent. Snart skyt grøne skot opp, og før du veit ordet av det ser det ut som om det veks vårlauk i bedet. Smak gjerne litt av dei grøne skota, men ikkje ta alt. Midt på sommaren har den vesle settelauken svulma opp til store laukar. Usannsynleg godt med fersk lauk! Både rå (raudlauk) og omnsbakt (gul).

Fennikel: Må jo vera ein av dei vakraste grønsakene med lysegrønt frynsete bladverk – seinare svulmande kvite knollar. Mykje saftigare og mindre trevlete enn dei eg har kjøpt i butikk! Herleg lukt! God i fiskesuppe. Fransk kyllingform: Kylling, fennikel, sitron og eplemost. Inn i omnen!

Reddik og mainepe: Breisådd i baljar. Lettare kan det ikkje bli! Tynn, viss du har sådd for tett.

Spinat og plukksalat: Breisådd i baljar. Lett, veks fort. Eg sådde i månadsskiftet februar/mars og har ete spinat sidan slutten av april.

Mangold/bladbete: «Syskenbarnet» til spinat og raudbete. Kjekkare å dyrka enn spinat: Får mykje større blad og leverer lassevis til langt utpå hausten. Plukk blad, nye veks ut. Dekorativ: Sorten «Bright Lights», for eksempel, får breie stilkar i gult, rosa og raudt. Ikkje så god rå, brukar den mest i stuingar og i lasagne (hakkar og blandar inn i den kvite sausen).

Gulrot: Sådd i kassar (pallekarmar) mellom frøsådd lauk og mellom kvitlauk (sette fedd i oktober).

Asparges: Fekk planter til gebursdagen! Planta ut i midten av april, har kome med nokre, små, søte, tynne skot. Kan ikkje hausta av dei før tidlegast neste år. Blanda inn sand og tang og tare i bedet.

Jordeple: Dei sette eg i april. Dei har fått heidersplassen både i min kjøkkenhage (det beste bedet i sørhellinga med djup, porøs jord) og på Leikeplasshagen (det største og beste bedet). Kjøpte litt av alle dei sju sortane dei hadde på FK-butikken i Stavanger.

Tidleg mangfald: Kjøkkenehagen min 3.mai. Fremst: raudbetar, stilkselleri, fennikkel, lauk, spisskål, grønkål, knutekål.

Persille: Må jo ha persilledryss på nypotetene! Fin også å kanta beda med! Graskar, squash og mais og frilandstomatar ventar eg med å planta ut til starten av juni.

Blomar: Georginer, blomkarse, låge solsikker, Zinnia («Old Scabiosa» og «Whirlgig Fun»), sommarsolhatt «Rustic Dwarf».

Margunn Ueland

Oppvaksen på Ueland gard i Heskestad.
Har vore journalist i Aftenbladet i 38 år, men hageentusiasten er nå ”bybonde”, bloggar, kurs- og foredragshaldar.
Her finn du bloggen  hennar
Her finn du ho på Facebook

Stikkord denne saka: