HØYR!

Føreslår soyafritt innan 2024

Foto: Norges Bondelag

Fleire fylkeslag har sendt tydelege signal om at organisasjonen må jobba med reduksjon av importert soya.

Norges Bondelag føreslår å kutta soya i fôr til ammeku, sau og gris innan 2024. – Me vonar forslaget vil skapa debatt, seier Bodhild Fjelltveit.

Jane Brit Sande

– Dette er eit friskt forslag, og me vonar det vil skapa debatt, seier Bodhild Fjelltveit, styremedlem i Norges Bondelag og leiar av arbeidsgruppa som har utarbeida utkastet til ny næringspolitisk program.

Det overordna tema for programmet, er berekraft. Fjelltveit seier at soyadebatten blir ein del av dette.

– Soya blir løfta fram av arbeidsgruppa på grunn av arealbruk og import. I strategiutkastet er det også eit mål om å auke sjølvforsyningsgraden til 45 prosent, korrigert for kraftfôr, og då er det naudsynt at ein større del av både mat og fôr er henta frå areal i Noreg, seier ho.

Fjelltveit hevdar at problemstillinga rundt soya er løfta fram frå fleire hald i organisasjonen.

– Soya er eit fantastisk supplement til norsk korn i kraftfôrproduksjonen, og slik sett sikrar det samstundes avtak frå norske kornprodusentar. Fleire fylkeslag har sendt tydelege signal om at organisasjonen må jobba med reduksjon av importert soya. Då har svaret til utvalet mellom anna vore å sette ei veldig tydeleg målsetting for ein del av næringa.

Ho peiker på at forslaget ikkje er vedteke, og at det er til høyring i organisasjonen.

– Utvalet ønsker innspel. Forslaget kan by på utfordringar i nokre område og delar av landbruket. Det er slik sett ikkje eit uproblematisk forslag, men heller ikkje eit urealistisk forslag, seier Fjelltveit.

– FK Fôrutvikling og Norgesfôr er tydelege på at produksjon av protein frå alternative kjelder ligg fram i tid. Korleis vil de løyse dette?

– Me treng fortsatt forsking, det er inga tvil om det. Me er også avhengig av eit spleiselag med staten. Bøndene kan ikkje ta denne rekninga aleine, seier Fjelltveit.

– Kvifor vil de ikkje kutta bruken av soya til fjørfe og mjølkeku?

– Dette har også vore ein diskusjon i arbeidsgruppa. Programmet gjeld for dei fire neste åra, og me trur ikkje det er realistisk å få til eit mål om soyafritt fôr for mjølkeku og fjørfe i løpet av den perioden. Det betyr ikkje at dei på nokon måte er freda, og vi vil sjølvsagt arbeide for størst mogleg norskdel i fôret i desse produksjonane.

Høyringsfristen er i midten av mars, og forslaget skal behandlast i styret i april. Bondelaget vedtar eventuelt den nye næringspolitiske planen på årsmøtet i juni.