HØYR!

Har kontroll på situasjonen

des 18, 2020 | Dessutan

Eg er spent på om vi greier å nå den svært viktige målsetjinga om å halda smitten unna fjørfehaldet.

– Vi har kontroll på situasjonen, seier Guro Myhrene i Mattilsynet. Ho ber likevel bøndene om å oppdatera smittevernplanane sine i lys av fugleinfluensautbrotet.

Sjur Håland

Det høgpatogene fugleinfluensaviruset som for første gong vart registrert i Norge sist i november, er så langt påvist på utandørs fuglar i Bergen, Sandnes, Klepp og Hå. Guro Myhrene er seksjonssjef planter og dyr i region Sør og Vest, avdeling Sør- Rogaland, Sirdal og Flekkefjord. Ho seier at Mattilsynet er budde på auka omfang med prøvetaking både på villfuglar og i fjørfebesetningar i tida som kjem.

– Det er lågare terskel nå for å ta prøver dersom det skjer uventa dødsfall i fugleflokkane enn det plar vera, seier ho.

Mattilsynet forbereder seg også på å handtera det verst tenkelege scenarioet.

– Men eg håpar og trur at vi ikkje kjem dit. Eg har tru på at vi har ei næring som gjer alle naudsynte grep for å hindra at smitta når fjørfebesetningane, og eg har tru på at alle privatpersonar med hobbyfuglar, føreheld seg til portforbodføreskrifta, og gjer det dei skal, seier ho.

Dei som ikkje følgjer portforbodet blir kontakta og følgt opp av Mattilsynet.

– Vi får varslar og bekymringsmeldingar om portforbod som ikkje blir halde. Desse følgjer vi opp per telefon eller gjennom tilsyn. Mitt hovudinntrykk er at dei aller fleste har fått med seg portforbodet og gjer det dei skal.

– Kva er du mest spent på i vekene som kjem?

– Eg er spent på om vi greier å nå den svært viktige målsetjinga om å halda smitten unna fjørfehaldet.

– Er fjørfeprodusentane gode nok og har dei det som skal til for å halde smitten unna besetningane sine?

– Den nye dyrehelseføreskrifta legg til grunn at alle skal ha ein smittevernplan. Nå er tida inne for å finne fram planen og revurdera denne. Når nå fugleinfluensaviruset har kome til Norge, er risikoen endra. Då må kan hende smittevernplanen på bruket også endrast.

Smitte er i avføring frå villfuglar og dei flyg overalt, understrekar ho.

– Det er viktig å vurdera mogleg krysssmitte og gråsoner. Ligg det til dømes fôrrestar eller anna som lokkar til seg ville fuglar i tunet, må det fjernast. Mi anbefaling er at ein nå går gjennom smittevernrutinane og praksisen på eigen gard.

Myhrene tilrår å søkja opp aktuell og oppdatert informasjon knytt til fugleinfluensaviruset.

– Det ligg mykje nyttig info på Mattilsynet eller Animalia sine sider. Bruk informasjonen og lag gode, oppdaterte smittevernplaner, seier ho.

– Er det greitt med julenek til småfuglane denne vinteren?

– Ja. Dersom villfuglane plar få julenek av deg på denne årstida, ville eg gitt dei julenek også i år. 

Share This