HØYR!

Historisk bondeting

25. september 2020

 Eg er bekymra for utviklinga og fryktar at mjølka skal «forsvinna» frå dei gode grasareala på Vestlandet

Norges Bondelag erstattar sitt tradisjonelle juni-årsmøte med digitalt årsmøte 30. september.

Sjur Håland

Fruktbonde Knut Byrkjenes Hauso frå Hauso i Hardanger, er nestleiar i Hordaland Bondelag og ein av dei som skal delta på det historiske møtet. Historisk, sidan årsmøtet for første gang er digitalt, og sidan det er siste gongen fylkeslaga Hordaland- og Sogn og Fjordane Bondelag deltek. Neste årsmøte heiter dei to laga Vestland Bondelag.

– Hordaland-fylkesstyret og årsmøteutsendingane samlast på eit hotell i Bergen kvelden før årsmøtet. Me skal ha ein god middag på kvelden før me benkar oss til det digitale møtet dagen etter, seier Byrkjenes Hauso.

Den tradisjonelle generaldebatten blir ikkje ein del av digital-årsmøtet. Men Norges Bondelag sitt viktigaste styringsverktøy, Næringspolitisk program 2020- 2024, skal vedtakast.

– Her kan det nok bli litt debatt, sjølv om programmet er godt gjennomarbeidd på førehand, med vår eigen Bodhild Fjelltveit som leiar av programkomiteen.

Han meiner bondelaget sine medlemmar må stå samla om programmet etter at det er vedteke.

– Det betyr at me må finna oss i å svelgja ein kamel av og til. Dette er eit viktig styringsverktøy og ei plattform for bondelaget dei neste fire åra.

Utsendingane har ikkje lagt den endelege strategien før årsmøtet. Men Byrkjenes Hauso fortel at det er gode vilkår for fruktdyrkarane og strukturutviklinga i mjølkeproduksjonen som fylkeslaget i særleg grad er opptekne av.

– Når det gjeld mjølk, har vårt område mange små buskapar. Kring 70-75 prosent av Tine sine hentepunkt er båsfjøs, medan kring halvparten av mjølka kjem frå lausdriftsfjøs. Skal me ha alle med vidare, treng me i vest investeringsverkemiddel og tilskotsordningar som er særleg tilpassa mindre einingar. Eg er bekymra for utviklinga og fryktar at mjølka skal «forsvinna» frå dei gode grasareala på Vestlandet, seier han.

For Byrkjenes Hauso er det heller ikkje sjølvsagt at fruktdyrkarane vil klora seg fast på bratte vestlandsareal i framtida.

– Reint landbrukspolitisk er det viktig å nå sørga for at ikkje meir av fruktdyrkinga blir flytt over til kornareal på Austlandet. Me i vest treng tilpassa rammevilkår som gjer det mogleg å dyrka frukt og bær i framtida.

Næringa vil endra seg dei komande åra. Bonden synar til at teknologiske nyvinningar er på full fart inn i fruktdyrkinga, slik det har vore til dømes i mjølkeproduksjonen.

– I framtida kjem me til å få hausterobotar og robotar som slår mellom fruktrekkene døgnet rundt. Dette utstyret favoriserer ikkje dei bratte fjordbygdene på Vestlandet.

Byrkjenes Hauso brukar omgrepet «flatt-bratt».

– Me kan leva med å ha det bratt, men me treng å planera dei bratte areala slik at dei blir rasjonelle og tilgjengelege for den nye teknologien. Slikt kostar pengar, seier han.