HØYR!

Hjorten er ute av kontroll

9. oktober 2020

Foto: Privat

Hjorteforvaltninga er ei stor utfordring

​– Bonden kan ikkje bere kostnaden for hjort som beitar på privat jordbruksareal, meiner Hogne Straume.

LIv Kristin Sola

– Hjorteforvaltninga er ei stor utfordring for enga og for familiejordbruket, seier mjølkebonde Hogne Straume.

Han har knapt 150 tonn i kvote på Straume i Alver kommune i Nordhordland. I periodar kan han observere opptil 30 hjort som beitar på bøen. Hjorten har blitt den store utfordringa for grasprodusentane på heile Vestlandet.

– Hjorten forsyner seg grovt av fôrgrunnlaget til private sjølveigande bønder. Me kan ikkje ha så mykje hjort at det reduserer lønsemda i mjølkeproduksjonen i den grad som det gjer i dag. Forvaltninga må skje på ein måte som først og fremst gagnar fôrdyrkarane, seier Straume.

Bonden minner om at nok grovfôr av god kvalitet er avgjerande for økonomien i mjølkeproduksjonen.

– Store flokkar med hjort utraderer timoteien til fordel for meir lågverdig grasartar. Me får mindre avling, lågare fôrverdi og store økonomiske tap. I tillegg blir slåttegraset forureina av hjorteskit.

I lag med rådgivar har bøndene på Straume estimert eit avlingstap på kring hundre fôreiningar per dekar. Erstatta med kraftfôr utgjer det ein kostnad på om lag 400 kroner per dekar.

– For unge som vil satse blir det ein betydeleg meirkostnad, og svekkar grunnlaget for investeringar i nye fjøs.

I tillegg til store skadar på eng og skog, opplever dei stadig fleire påkøyrslar av hjort på Straume.

– Det er ein kostbar og lite human måte å forvalte viltet på. Det viser at stammen aukar og utgjer ein risiko for tap av menneskeliv, seier Straume.

Fram mot 2014 var det større uttak av hjort i området. Då gjekk det an å fornye enga eller ha attlegg i samband med nydyrking. I dag er det svært krevjande. Straume meiner ein markant reduksjon av stammen er eit godt førebyggjande tiltak, både for bonden og tryggleik i trafikken, og tek til orde for eit ekstraordinært avskytingstiltak som eingongstiltak for å få ned bestanden.

– Mitt konkrete forslag er fri avskyting av dyr under førtifem kilo slaktevekt. Slik kan me ta ut dei skrinnaste dyra som berre gjer skade, men ta vare på dei livskraftige stamkollene og kalvane.

Straume meiner viltforvaltninga blir styrt av altfor mange som ikkje forstår, eller ikkje vil forstå, konsekvensane av dagens forvaltning.

– Aktive bønder har blitt ein minoritet i hjortevalda, også blant grunneigarane. I somme område er det vanleg å selje løyve til godt utdanna byfolk, enn at grunneigarane sjølv tek kvoten. Me må attende til mindre jaktvald. Framtidas viltforvaltning må vere på dei aktive bøndene sine premissar. Den beste beskattinga får me når grunneigarane sjølve kan stå for jakta.

Straume utfordrar Bondelaget til å jobbe for å endre lovverket slik at det kan gjerast tiltak som verkeleg monnar.

– Instruksane frå direktoratet til lokal forvaltning må vere heilt tydelege. Landbrukskontora må ha rådvelde over tiltak, med kort responstid, når det trengst.