HØYR!

Jordvern med måte

okt 2, 2020

Foto: Tore Sætre/Wikimedia

Me må bli flinkare til å ta vare på det arealet me har.

Ståle Kyllingstad.

– Ja, eg er for jordvern, men alt med måte, seier IKM-sjef og investor, Ståle Kyllingstad.

Liv Kristin Sola

IKM-sjef Ståle Kyllingstad er ein av fleire lokale investorar som no etablerer eit fond på ti millionar kroner for å utvikle industrielle moglegheiter i kjølvatnet av ei eventuell datasenteretablering på Kvernaland. Eit område på 1800 dekar jordbruks- og naturareal er under press for utbygging i bygda i Time kommune på Jæren.

Til Jærbladet seier Kyllingstad at han ikkje har tru på vekst, korkje i hans eiga næring, oljebransjen, eller i landbruket.

– Eg snakkar om sysselsetting, presiserer Kyllingstad.

– Maskinar, teknologi og robotar tek over arbeidsplassar, også i landbruket. Me treng ny industri og alternative arbeidsplassar.

– Skal me auke matforsyninga her til lands, kan me ikkje bygge ned matjorda?

– Du veit like godt som meg at me har eit fedmeproblem her til lands. Me kan ikkje ete meir mat. I tillegg kastar me svært mykje mat. Altfor mykje mat som blir produsert er definert som «ikkje mat» og kjem aldri til butikkane. Når åt du hønsefrikasse sist, spør Kyllingstad.

Han kjem også med eit spark til jordbruket.

– Ja, me treng areal og me har dyktig bønder. Men i sum er det altfor mykje areal som er uproduktivt eller ikkje blir drive effektivt. Det er berre å ta ein tur på Jæren. Det er mange stader der det ikkje blir drive areal som vart nytta då eg vaks opp. Me må bli flinkare til å ta vare på det arealet me har.

– Går det ei grense for kor mykje jord som kan byggast ned?

– Dette er komplisert. Me kan diskutere kva som er nok og kva jorda vert nytta til. Men husk at jordbruket er ei subsidiert næring. Me som betaler inn til desse subsidiane må ha plass til å skape desse verdiane.

– Kvifor må industri ligge på jordbruksareal?

– I dette tilfellet handlar det om plassering. Tre straumlinjer kryssar kvarandre og me har ein stor transformator. Å flytte straum er svært kostbart. På Kvernaland ligg alt til rette for eit slikt energikrevjande senter.

– Ville du vore meir betenkt til utbygging i andre område?

– Ja, mykje meir. I enkelte område direkte avvisande. Eg er for jordvern og for å legge til rette for eit godt jordbruk. Men me treng arbeidsplassar.

– Blir matjorda prisa for billig når den stadig må vike for andre interesser?

– Det er din påstand. Dette er ikkje dyrkbar jord. Dette er kulturbeite på skrinn jord, noko Fylkesmannen stadfesta etter synfaring. Me må vege fordelar og ulemper opp mot kvarandre. Det er ikkje for eller imot jordvern, seier Kyllingstad.

– Kva med sjølvforsyning?

– Den dagen me verkeleg treng mat har me mykje uutnytta areal. Rekar me inn laksen, for ikkje å snakke om villfisken, så har me eit overskot av mat har til lands. I tillegg må me slutte å kaste mat. Me har mykje å ta tak i – så for meg blei Kalberg/Kvernaland ikkje der eg tar kampen om jordvern, seier Kyllingstad.  

Share This