HØYR!

Landbruket treng klimafond

Dette må ikkje – og treng ikkje, bli ei tung og byråkratiske ordning

Andreas Wiig meiner landbruket treng eit klimafond for å sikre seg økonomisk mot uår og for å sikre investering i klimatiltak.

Liv Kristin Sola

Andreas Wiig driv med grønsaker og gris på Vik i Klepp kommune. I seinare år har han, og andre spesielt i grøntnæringa, teke til orde for å etablere eit klimafond i landbruket.

– Først og fremst treng me eit slikt fond for å kunne setta av nokre kroner i gode år og utjamne økonomiske skilnadar mellom gode og dårlege år, seier Wiig.

Han meiner sommaren 2018 var eit typisk døme. Bonden ser føre seg ei årleg sparing og at avsette midlar fritt kan disponerast for å kompensera for manglande inntekter i uår.

– Samstundes meiner eg at eit klimafond bør ha ein dobbelt funksjon. Landbruket skal ta klimaansvar. Då treng me eit investeringsfond for å klare den økonomiske belastninga med tanke på nødvendige miljø- og klimatiltak på bruket.

– Det er skattefordelar knytt til slik sparing. Kven skal avgjere kva pengane kan nyttast til?

– Me må få på plass rammeverk og retningslinjer for bruk, og ein enkel søknadsprosess for å få godkjent ønska tiltak. Dette må ikkje – og treng ikkje, bli ei tung og byråkratiske ordning, meiner bonden.

Wiig vil ikkje ha krav om ein slik søknadsprosess om pengane skal nyttast som ei ekstra inntekt i dårlege år. Han meiner ordninga berre har marginale skattefordelar ved slik bruk og ei enkel rapportering om kor pengane kjem frå og kva dei er nytta til bør halde.

– Korleis tenker du sparinga i praksis?

– Gjerne ei todelt ordning med eit kronetak og i tillegg ein viss prosent av omsetning. Behovet vil variera svært mykje mellom bruk og produksjonar, understrekar Wiig.

– Det har fleire gonger vore snakka om investeringsfond, men styresmaktene har ikkje vist vilje til dette. Kvifor kan de lukkast denne gong?

– No er det tid for å sette trykk på saka. Staten er ikkje glad i særordningar for landbruket – eller tapte skatteinntekter, men dei som har greie på dette, meiner me vil få meir ekstremt vær i åra som kjem. Då vil skattekronene staten går glipp av bli forsvinnande små samanlikna med gevinsten næringa kan få ut av ei slik ordning.

– Kva om staten då vil svekke avlingsskadeerstatningsordninga?

– Det trur eg me kan oppleve. Men dagens ordning er for vilkårleg. Kan me i større grad styre dette sjølve, med litt skattefordelar, vil det langt på veg erstatte den ordninga, meiner Wiig.

Han veit at det er kontroversielt, men han veit også at det er mange som meiner som han. Wiig trur likevel at ei mellomløysing best vil sikre bønder mot økonomiske tap i vanskelege år.

– Kor står bondelaget i denne saka?

– Eg veit heilt ærleg ikkje. Det er så mange ulike meiningar om akkurat dette, seier Wiig.

Share This